søndag 31. oktober 2010

Forsiktig start

Ja, no er vel tida moden for å prøve seg i bloggeland. Eg er ikkje heilt fortruleg med data og innstillingar av både det eine og det andre, men ting går seg vel til. Det er så mange fine bloggar, så det skal vel litt til å kunne få så mange følgarar. Eg vil i alle fall sette stor pris på alle kommentarar, og ta kontakt om det er noko du lurer på.
Eg er sånn middels interessert i interiør, og har ein salig miks av nytt og gammalt. Likar enkle oppussingsprosjekt, men ny design er også av interesse. Eg har litt retro i huset - mest i form av moderne retromønstra gardiner og sengetøy. Er litt seint ute, men eg har kasta meg på retrostoffbølga etter å ha fulgt andre bloggar ei stund. Det er ikkje så lett å finne slike stoff her omkring. Eg har fått ein del, bytta til meg og kjøpt litt. No har eg fått tak i såpass mykje at eg kan sette i gang med dei første prøveprosjekta bak symaskina.

Eg er ikkje altfor erfaren med sying av tekstilar, men eg har jobba med søm ved ein skofabrikk dei siste 15 åra. Ellers har eg stort sett sydd gardiner til heimen og anna småtteri. No har eg "begått" mitt første lappeteppe der alle lappane er gjenbrukstekstilar. Baksida er i deilig fleece. Det vart litt meir jobb enn eg hadde trudd med monteringa, men eg kom no i mål til slutt.

6 kommentarer:

Fargevandring sa...

Gratulerer med blogg:-) ..det blir koselig å følge deg. Jeg vil selvsagt legge meg til som følger her:-) Hilsen Anne Lise

Kaspara sa...

Hei Sonja
Graulerer med blogg og hjertelig velkommen til Bloggland!! Så morsomt at du tok skrittet ut og begynte med blogging! Det er en morsom hobby og når det gjleder den tekniske biten går det seg til. Jeg er ingen dataproff i det hele tatt, men sakte lærer man seg litt nye ting.
Se, der var det flotte teppet ditt igjen! Vet du, jeg tror jeg har alt for mye i hodet mitt, he,he... Skulle jo vise dette lekre teppet..den siste uka har jeg bare hanglet og bloggen er virkelig blitt så som så. Fint at jeg fremdeles har mulighet til å bruke bildet! Da kan jeg linke til deg og din nye blogg.
Ha en fin søndag!
Klem fra Kaspara

Shy sa...

Hei!
Velkommen inn i denne verdenen! Her er mykje artig og spennande. Eg føler meg forsatt litt usikker på dette, her er så mange flinke folk! Men veldig få bloggar på nynorsk. Eg følger med deg!
Og kjempekjekt at du vart med i lotteriet :) Litt "skummelt" synst eg å hive seg ut i det...

Shy sa...

Hei ein gong til! :)
Eg fekk ikkje til å legge meg til som følger. Feilmeldingar frå google, det pleier å ordne seg, så eg prøver igjen seinare.

Vårglad sa...

Hei Sonja
Så kjekt at du har fått deg blogg. Teppet ditt blei kjempefint, det ser nå slett ikkje ut som noko prøveprosjekt. Nydelige fargar og mønstersammensetning! Kjente igjen dei raudrosa lappane ja, og det var jo litt pussig, for i helga har eg og sydd ei pute med eit av stoffa eg fekk av deg:)
Det blir spennande å følga deg vidare. Fekk ikkje til å legga meg til som følgar nett no, men prøver igjen seinare.

Kardemomme sa...

Hei Sonja :))Gratulerer så mye med ny blogg, og hjertelig velkommen til oss i bloggbyen! Håper og tror du vil stortrives blant alle de kreative og glade damene her inne. Jeg har aldri angret på at jeg ble blogger. Lysten til å lage innlegg går litt opp og ned, men man får ta det som det kommer. Nydelig teppe du har sydd forresten. Gleder meg til å følge deg videre. Har lagt meg til som følger slik at jeg ikke mister deg i vrimmelen. Mandagsklem fra Kardemomme

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...