mandag 1. november 2010

Blogglotteri

Dette med blogglotteri er noko nytt for meg som berre har vore inne og kikka på enkelte bloggar sånn dann og vann. Eg deltok på Fargevandring sitt lotteri for nokre veker sidan. Der kunne vi velge om vi ville vere med i trekninga om ein retrostoffpakke eller eit lappeteppe. Eg valgte å vere med på trekninga om det flotte teppet som ho hadde sydd, sjølv om stoffa sjølvsagt frista også:)
Tenk, så var eg så heldig å vinne! Skikkeleg fine fargar, altså!!! Tusen takk til Fargevandring:-)

Eg må få takke for den fine velkomsten eg har fått her i bloggeland. Det er kjekt å sjå at nokon bryr seg om oss nykommarane også. Ein kan jo ikkje stå som følgar til absolutt alle, men tilfeldige besøk er jo berre moro. Det er så mange flotte bloggar, og eg har absolutt ikkje tenkt å konkurrere med dei. Eg legg meg på eit enkelt nivå - slit framleis med utforminga av innlegga og bildeplasseringa...

Ha ein fin kveld:)












2 kommentarer:

Fargevandring sa...

Hei Sonja! Det var virkelig koselig å se bilde av teppet i sitt nye hjem:-) Hilsen Anne Lise

Kaspara sa...

Hei Sonja
Så artig at du vant dette fine teppet fra bloggen Fargevandring!!! Også dette er så nydelig komponert og fint i fargene og jeg skjønner godt av giveren synes det var artig å se det i sitt nye hjem. Det ligger tross alt masse arbeid bak et slikt teppe også og litt av en raus gave å gi bort til vilt fremmede.
Ha en fin dag!
Klem fra Kaspara

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...