søndag 21. november 2010

Eit nytt lappeteppe er født

 
Denne helga har eg sydd eit teppe til ein gut som eg er tante til.
Har ikkje akkurat det store utvalget av typisk maskuline stoff, men fann nokre utan for mykje blomsterpreg.
Alle stoffa er gjenbrukstekstilar.
To av dei har eg fått av svigerinna mi med bloggen Snillpike.
Stoffet med bilane på er ei gardin av nyare dato.
 

 
Eg har brukt god og varm fleece på baksida.
I hjørna på teppet har eg knytta moulinegarn i ymse fargar - har lagt min elsk på denne detaljen.
 
No får eg få på middagen.
Røkt torsk med følge i dag, og jordbær frå frysaren til dessert.
 
God søndag til alle:)

3 kommentarer:

Shy sa...

Veit du, det var kjempefint! Samansetjing av fargar var berre heilt super!

Anonym sa...

Åj, så flott det ble :) Flotte, tydelige guttemotiver og fine farger. Tenker det er noen som blir skikkelig glad for det pleddet :)

Marit

Kirkesjov sa...

Hvor er det flot!! Virkelig sødt og godt sat sammen. Har selv lige færdiggjort et tæppe, som jeg har brugt laaaaaaang tid på :-) Melder mig som læser og vil glæde mig til at se hvad du ellers finder på!

Mvh. Mette

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...