søndag 14. november 2010

Ferdig teppe


Endeleg er teppet heilt ferdig.
Dette var prosjektet mitt sist helg - altså å avslutte det.
Eg vart litt sløv med å feste trådar på slutten fordi eg var så ivrig etter å få begynne på kanten.
Det straffar seg jo i lengda, så dei siste endane vart festa i går.
Akkurat den biten er gørrkjedeleg arbeid!
Eg har brukt garnet "Freestyle" frå Dale Garn.
20 nøster gjekk med til dette teppet (som er hekla i stavar) på 80x125 cm .
Eg hekla med pinne nr. 5,5.
No skal teppet pakkast fint inn, og enda ein julepresang er i boks:)

I dag har vi hatt middagsbesøk.
Eg serverte grytesteik av hjort, og til dessert hadde vi rabarbragraut.
Skikkeleg god middag, må eg seie:)

Fortsatt god søndag!
 

1 kommentar:

SNILLPIKE♥ sa...

Eg veit om ein liten gut her i huset som kjem til å bli veldig glad for julepresangen frå dåke i år. Du er so flink Sonja. Spørs om ikkje eg må gjere alvor av å lære meg å hekle. Men det var dette med tid til å gjere alt då. Og så er vi så heldige at du heklar til oss.

Ei fin veke til dåke i Vårneset, og gratulerer så masse med dagen til guten i huset. Bursdasklem frå tante og gjengen♥♥♥

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...