tirsdag 9. november 2010

Lappete pute

No har eg laga mi første pute av lappar.
Er vel den første skikkelege puta i det heile, men det blir nok fleire.
Kanskje i brune og blå fargar til ein annan del av stova.
Denne puta er laga til tv-stova, og der går det i brunt, svart, sølv og kvitt.
På tide med litt meir fargar her.
Passa i grunn godt i lag med putetrekket frå Ikea.


Eg har brukt 2 av stoffa som eg kjøpte frå Kasparas regnbue.
Det var ein stoffpakke i brunt og rosa.
Skulle hatt ei brun eller oransje kroklisse, men det var ikkje å oppdrive lokalt.
Då får ei svart ei duge.

Ha ei fin veke:-)

1 kommentar:

SNILLPIKE♥ sa...

Kjempefin pute Sonja. Synes da vart fint med den svarte kroklissa eg. Fin onsdag til dåke alle i V. neset.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...