søndag 28. november 2010

Litt nytt til treet


Fredag var det nattåpent i næraste by, og eg tok turen dit etter jobb.
Mange butikkar hadde 20% avslag, så det passa godt for meg som skulle finne nokre julepresangar.
Presangar vart det, men også litt anna småtteri.
Eg har nesten berre rød pynt til juletreet, og no føler eg at tida er moden for litt skifte.
I år vil eg ha kvitt, sølv og turkisnyansar - om eg finn noko som fell i smak.
Denne litt nymotens julepynten frå Pluto (på bildet over) kjøpte eg på Ting.



Slike kvite hekla hjerter og stjerner kjøpte eg faktisk på Kid.
Tok ikkje sjansen på å kjøpe så mange, sidan eg var usikker på kvaliteten.
Men eg såg liknande hekla pynt på ein dyrare butikk som ikkje var på langt nær så fine som desse.


Eg kjøpte også nokre slike hjerter frå Sia på Ting.
Dei var skikkeleg fine, synest eg:)
Få ta ein runde på nettet og sjå om eg finn litt meir pynt til treet.
Eg får satse på å ta litt i år, og spe på med meir etter kvart.

Ha ein fortsatt fin søndag:)

1 kommentar:

Kaspara sa...

Hei Sonja
Alltid gøy med noen små fornyelser! Jeg er så glad i julepynt i turkistoner. Synes det blir så friskt og fint med rødrosa og hvitt.
Mine favoritter blant dine nye juletreting er de hvite tingene fra Kid. Nydelige!
Ha glade førjulsdager!
Klem fra Kaspara

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...