onsdag 3. november 2010

Nok eit lappeteppe





Dette lappeteppet er sydd av nokre av gjenbrukstekstilane frå gårsdagens innlegg.
 Det var bl.a. ei sjarmerande barnegardin og det sjokkrosa putevaret frå Høie i gammaldags krepp.
Til bakside har eg brukt flanellslakenet med rosa, oransje og gule blomstrar.
I tillegg har eg brukt eit dynetrekk med oransje blomstrar som kjem frå svigermor.
Det siste stoffet med bølgemønster er nytt; "Willow grove" frå The Alexander Henry Fabrics Collection 2009.
Heilt nydeleg, synest eg. Har også sett det i andre fargesamansetningar.
I midten har eg eit lag med bomullsvatt eller kva det no heiter.
Størrelsen tilseier bruk som vognteppe, og det er allereie sendt av garde til den yngste tanteungen.


1 kommentar:

SNILLPIKE♥ sa...

Så fint det var Sonja. Heldige den vetle snuppa i Oslo, som får så fint teppe på senga/vogna si.

Du e kjempeflink. Ser ut som du sit og syr dagen lang.

Helse dei 2 andre i heimen.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...