lørdag 18. desember 2010

Finaste pynten



 Dette er vel den aller finaste julepynten eg har.
Desse hjerta i hardangersøm brukar å henge i det eine kjøkkenvinduet.
Eg fekk dei for ein del år sidan av ein god nabo og venn.
Sanneleg likar eg putlearbeid, men slikt som dette kjem eg ikkje til å gje meg ut på med det første...

 
Den observante lesar har fått med seg at bilda er tatt til ulike tider.
På det første er det snø og fint, og på det under striregnar det på vinduet.
Er ikkje alltid lett å få skarpe og fine bilder, nei.
Kanskje eit nytt og betre kamera kunne vore kjekt å ha, men det kan like fullt vere fotografen som ikkje er så flink + at redigering ikkje er mi sterke side...

4 kommentarer:

kimberlee.blogg.no sa...

Kjempefin julepynt..

SNILLPIKE♥ sa...

Ja, dette var eit nydeleg stykke arbeid. Skjønne godt at du verdsette da høgt. Hardangersaum er ikkje noko for meg heller.

Masse gode ønsker for ein flott dag til deg, vankar det kake òg kanskje????

gult hus i svingen sa...

hei Sonja! Det er noe galt med mailen min, nå har jeg laget meg hotmaliadresse. Sender deg mail med den:) Klem fra Trine:)

Laila sa...

Du verden så flott det var.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...