torsdag 23. desember 2010

God Jul!


Ja, no nærmar det seg den store dagen.
Eg tek det heilt piano og kosar meg, pyntar og ordnar i huset.
Juletreet er ferdigpynta, men eg skal lage litt meir pynt i løpet av jula.
I går sydde eg julestrømpe til meg sjølv, og den laga eg stor og god - og sjølvsagt i blått:)
Då gjenstår det å sjå om nissen synest eg har vore snill nok gjennom året som har gått...


Eg har hekla litt i det siste, og dei minste snøkrystallane har eg hengt på treet.
Dei store skal få plass i ei dør med glas og sprossar.
Det er ikkje alle oppskrifter som er like godt skrivne, og som nybegynnar dett eg av og til ganske fort av lasset:)
Eg tok og stiva dei med potetmjøl.
Kokte opp litt vatn, rørte ei god teskei mjøl ut i kaldt vatn og tilsette i det varme under god omrøring.
Altså ei blanding laga på rus:)
Så dyppa eg hekleria i, vrei dei godt opp, strekte dei ut og festa med nåler på ei isoporplate dekt med eit handkle.
Resultatet vart no bra stivt, ja.


Då håpar eg alle får ei riktig triveleg juletid!!! Kos dåke masse!


6 kommentarer:

kimberlee.blogg.no sa...

Du lager masse fint.
Ønske deg ei god jul..

Fargevandring sa...

Veldig fine ting! du får sikkert noe godt oppi den julestrømpa. God Jul! Juleklem fra meg.-)

Kaspara sa...

Hei Sonja
Fin blå strømpe du har sydd og koselige snøkrystaller. Vi har også slike snøkrystaller på juletreet.
Ønsker deg og dine en glad, stemningsfull jul!¨
Klem fra Kaspara

Fishermans Daughter sa...

Så fine heklerier, er nok nydelige på julebuska:)
Takk for stivelses tipset. har endel små brikker jeg kan prøve meg på:))

God jul

Veronika

Shy B sa...

Fine ting du lagar. Og fint hjerte er kome fram i postkassa. Det skal nok finne sin faste plass blant resten av julepynten her i huset :)
Eg ønskjer deg ei riktig god jul!

Lotten sa...

God Jul Sonja! Underbara snökristaller du virkat och julstrumpan var jättefin den med ;-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...