onsdag 1. desember 2010

Kalendaren er klar!



Eg dreiv tidlegare og broderte ein del, men eg gjekk lei etter ei stund.
Denne kalendaren laga eg medan junior på 14 var liten.
Den vart skikkeleg fin - i mine auge.
Og eg er veldig kritisk til alt eg lagar, så det var godt gjort:)
Han synest framleis at det er stas med denne greia, og det gjer vel i grunnen eg også.
Det vert litt snop, harde pakkar, mjuke pakkar og litt Flax.
Litt verre å finne på ting etter kvart som han vert større, men den utfordringa får eg no ta...



Eg vil gjerne takke alle som har lagt seg til som følgarar, og ellers andre som kikkar tilfeldig innom sida mi.
Det er skikkeleg kjekt med kommentarar også, og eg prøver å ta ein gjenvisitt så snart det passar seg slik:)

Ha ei fortreffeleg veke i denne travle førjulstida!

5 kommentarer:

Kaspara sa...

Hei Sonja
Så koselig hjemmelaget adventskalender! Ser det er veldig mye arbeid bak den og hyggelig at den har fulgt dere så lenge.
Fin retrostrømpe i lillatoner så jeg i innlegget under her også.
Ha glade adventsdager i det blå huset!
Klem fra Kaspara

Laila sa...

Hei Sonja.
Kalenderen var skikkeleg flott. Mykje arbeid her, ja. Ha ei flott adventstid.

SNILLPIKE♥ sa...

Da e no godt at dei ikkje blir for store til kalendar òg då, her vart da pakka 72 pakkar i år, og Flax kalender vart sendt til Ålesund og Trondheim.

Fin torsdag til deg, vi har fått besøk frå Sunnfjord i dag, som du sikkert veit.

Hjertelill sa...

Hei!
Så mye fint du har på bloggen din! Flax i kalenderen var jo kjempelurt - at jeg ikke kom på det da! Koselig med kalendertradisjoner. Julestrømpa di ble kjempefin og masse fin julepynt:)
Klem fra Lill

Refleksjon på livsvegen sa...

Du er dyktig!
Har aldri vore så flink eg.. :-)
Har skattekart kvar dag slik at dei må leite etter Adventsgåva.. Har vore nøgde med det..

Ha flott Adventstid!!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...