fredag 3. desember 2010

Lilla


No har eg laga til ein slags dekorasjon på det runde Ikea-bordet i karnappet i stova.
Eg er jo ikkje akkurat nokon dekoratør, men gjer så godt eg kan.
Kanskje det vart for mykje konglar?
Dette er konglar frå lerk og dei er ikkje så store.
Lysglasa og pynten hadde eg frå før.
Fatet er egentlig ein billeg dekketallerken kjøpt på den lokale møbelbutikken, men fint nok for meg.
Duken er ei spisebrikke frå Kid, og den fine lillafargen kjem ikkje så godt fram her.



Eg er så smått begynt å tenke på julebaksten.
Det vert iallfall ikkje sju sortar på kaffebordet her i huset.
Eg har laga dobbel deig til kvite kakemenn, så i morgon får eg ta ei bakeøkt.

Riktig god helg til alle:)


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...