søndag 26. desember 2010

Snøkrystallar


 

Eg fekk eit spørsmål om oppskrift på krystallane, og det kan eg sjølvsagt formidle vidare til dei som er interesserte.
Denne over har eg funne her.
Der kan du finne fleire oppskrifter under "Snowflake patterns" i kolonna til høgre.
Oppskriftene er riktignok på engelsk og med amerikanske betegnelsar for maskene.
Har du først lært deg dei, er det ikkje vanskeleg...
Eg fann denne krystallen på denne sida.



Den over til venstre finn du hos Drops ved å søke på "snøstjerner".
Krystallen til høgre fann eg mellom anna hos Lucy i Attic 24.
Ho har kjempefine step-by-step oppskrifter med UK betegnelsar.




Og til sist den her som eg fann i boka "Hekling - abc for hekleentusiaster" på side 228.
Ein finn nok sikkert massevis av oppskrifter på norsk også, men eg har ikkje gjort dei store søka enno...
Eg har brukt tråden Mandarin Petit og nål 2,5.

Då er det berre å finne fram heklenåla:)

2 kommentarer:

kimberlee.blogg.no sa...

Kjempefine.. Du er flink..

Elin Pelin Pøyle sa...

Takk for deling! Jeg har funnet frem nåla allerede:-) Kjolen er selvdesignet, ja. Men jeg ble inspirert av et skjørt i boka Maskeball. Mye fint der!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...