søndag 16. januar 2011

Framgang å spore...



Som sagt går det framover - med heklinga av teppet mitt.
Såg fort at det vart litt lite av det mørkeblå garnet, så eg har spedd på med 2 nøster.
Det var sjølvsagt ikkje meir i det partinummeret heller... typisk!
Får heller lage ein litt brei kant rundt i dei andre fargane.



Denne gongen er det berre fire trådar å feste på kvar rute, og så er det naturleg å feste dei med ein gong.
Dermed vert det ikkje ein heil masse med  endar som skal takast til slutt:)
Teppet ser ut til å gli rett inn i det brune og blå miljøet i denne stovekroken.

Har sett eit eksempel på eit bølgeteppe hos Mia som eg kan tenke meg å herme etter.
Det var også heilt mine fargar og litt meir sommarleg kanskje.
Har lyst til å sy eit lappeteppe i lyse fargar også, så vi får sjå kva som kjem først...

Ynskjer alle ein fin søndagskveld!



10 kommentarer:

Fargeheimen sa...

Nydeleg flott arbeid du har gjort med det teppet.
Var veldig fine ruter.

Ann Tove sa...

Kjempefint teppe du lagar. Herlege fargar.
Eg likte godt mønsteret i rutene.

kimberlee.blogg.no sa...

Du lager kjempefine teppe.. Fine farger..

SNILLPIKE♥ sa...

Så flott teppet blir. Det passar nok godt inn i stova hos dåke ja. Blir godt å varme seg under for ei dame som frys lett........

Fin veke til dåke alle tre, klem frå Sunde.

Fargevandring sa...

Hei på deg Sonja! Kjempefine farger i hekleteppet ditt:-) Tusen takk for utfordringen. Jeg vet ikke ennå om jeg kommer til å lage et innlegg med den men jeg syns selvsagt det er morsom å få den. Ha en fin mandag! hilsen anne Lise:-)

Fragmenter sa...

Så flott teppe du hekler, Sonja. Likte fargekombinasjonene. Du er jammen produktiv!
Ha en flott mandag!
Klem, Elin

Randi sa...

Teppet ditt blir kjempefint!!! Blir strax litt morsommere når man ser framgangen!! :)
Jeg vet ikke helt hva jeg skal sette igang med nå. Muligens noen flere puter! :)
Ha en fortsatt fin kveld! KLEM!!

Janne's Photography sa...

Flott teppe med flotte farger!:)

Ellen sa...

Lekkert!Simpelthen lekkert.

Anonym sa...

Hei hei og tusen takk for kommentar:) Må bare si: for et herlig teppe du har laget, og så fine farger. Jeg er svak for blått :)

Ha en fin kveld og morgendag.
Hilsen fra Trine.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...