søndag 2. januar 2011

Skrik!



Ja, no skrik eg også snart, sjølv om det vil gjere vondt i heile meg!
Eg er så lei av å vere forkjøla.
Heile jula gjekk "i dass" pga vond hals og no tette bihular.
Ingen lange gåturar i det strålandes flotte, men kalde været.
Og heller ingen gode treningsøkter på senteret.
Berre innesitting på meg.
Det er jo sjølvsagt dei som har det mykje verre og meir alvorlege ting å slite med, så eg skal slutte å syte med ein gong.
Ein skal vel prise seg lykkeleg, så lenge ein har god helse...

Av mangel på noko fornuftig å blogge om i dag, har eg tenkt å vise dåke noko av det eg har på veggane mine.
Over ser dåke "Nye skrik" av Oddvar Torsheim.
Han er ein  kunstnar frå Førde i Sunnfjord.
Dåke kan sjå litt av streken hans her.

Under ser dåke "Betty Blå" av same kunstnaren.



No er det tilbake til kvardagen igjen.
Kallen er reist til Ålesund, der han jobbar ei veke og så har han ei veke fri.
Eller fri var vel ikkje rette ordet - som medeigar i eit firma er det alltid eit oppdrag eller vedlikehald av maskinparken...
 Sjølv er eg arbeidsledig og jobbar litt som vikar i barnehage.
Håpar jo sjølvsagt at det dukkar opp ein ny jobb til meg, slik at vekene får litt fastare former.

Eg håpar den første veka i det nye året vert flott for både deg og meg:-)



6 kommentarer:

an-magritt sa...

Håper du blir frsk fort. God bedring!
Ønsker deg alt godt for det nye året.

Klemmeklem

kimberlee.blogg.no sa...

Ønske deg god bedring:) Håper du blir frisk fort.Ønske deg og dine alt godt i ny året..

Fragmenter sa...

Kjedelig med forkjølelse, ja. En blir så slapp, også, får liksom ikke gjort noe. Håper du kommer deg snart. Likte forresten godt det øverste bildet:-)
Klem, Elin

Ellen sa...

Godt nytt år!
Så kjipt med forkjølelse i jula, det er noe skikkelig dritt altså.Håper du blir raskt frisk!!!
Ha en fin kveld:)

Shy sa...

Godt nyttår til deg!
Likar Oddvar sin kunst og sang eg. Skikkeleg original han ;)
Det er kjedeleg å vere sjuk. Eg fekk spysykje i går, dagen tilbrakt stort sett sovande, og er ikkje god i dag heller, men i måra då er allting betre...

En støvel og en sko sa...

Uff, kjedelig å være syk, spesielt i jula. Håper du er på bedringens vei snart :-)
Så kjekt med lokal kunst i hjemmet sitt. Vi har også det, et maleri av Ansgar Leiten.
Klem, Sølvi

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...