torsdag 27. januar 2011

Soverommet vårt


Viser nokre glimt frå soverommet vårt.
Bilda er tatt i dagslys, men er ikkje heilt gode...
Øverst viser eg eit utsnitt av litografiet "Uvær" av Eva Langaas.
Desse fine fargane kan eg ligge lenge i senga og sjå på:)
Elskar fargebruken hennar:)



Vi har pussa opp og fornya litt etter litt.
Sengegavlen er laga av gavlen frå den gamle furusenga - berre limt på skum, trekt med stoff og hengt på veggen.
Har fantasert om å trekke den med det ultimate blå retrostoffet... om eg finn det og har nok stoff...

Nattborda er skap frå Kartell kjøpt hos Blåmann Møbler.
Skapa passa akkurat i høgda då vi kjøpte ny seng:)
Dei kvite lampane er i serien "Stereo" frå Belid.



Knaggen, som faktisk har litt retrolook, er frå Pluto og kjøpt på Ting.
Garderobeskapa var i lakka furu og er malt i same farge (Wet sand frå Flügger) som veggen.
Ser kanskje litt tamt og kjedeleg ut i fargane - grått, beige, kvitt og ispedd litt svart og blått.
Har lyst til å sy eit lappeteppe med utganspunkt i fargane på litografiet, men ikkje større enn at det skal dekke fotenden på senga:)
Får sjå i stoffhaugen og legge til sides litt til dette prosjektet...

Håper dåke held dåke friske og raske, og at helga som kjem vert kanonbra:-)
 
 
 

5 kommentarer:

Shy sa...

Behaglege soveromsfargar :)

Skjerstad sa...

Et friskt soverom som var veldig innbydende :) Likte spesielt godt natt bordene, og sengetøyet .

Sov godt
Klemmer fra Janne :)

kimberlee.blogg.no sa...

Likte nattbordet veldig godt.. Og friske soverom farger..

SNILLPIKE♥ sa...

Så flott soverommet er blitt. Er visst ei stund sidan eg har myst inn der ser eg. Får veldig lyst å begynne på vårt, når eg ser kor fint de har fått da. Men, men, eg får vel smøre meg med tålmodigheit. Skal bli bra til slutt.....

Her har vi hatt ei runde med omg. sykje. Foreløpig er da dei 2 minste som har hatt da. Kryssar fingrane for at vi andre slepp unna.

Ynskje dåke alle 3 ei knallflott helg, klem frå Sunde-gjengen♥♥♥

gult hus i svingen sa...

liker soverommet, Sonja:) Rolig og svalt:)
mange fine ting:) Det er lenge siden jeg har funnet dånestoff nå, savner den følelsen i kroppen egentlig:)

Klem fra Trine:)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...