lørdag 8. januar 2011

Spisebrikker



Eg finn ikkje noko godt ord for spisebrikker på nynorsk.
Bordbrikker, matbrikker, etebrikker eller ganske enkelt brikker, som vi brukar her i heimen.
I alle fall har eg kome i mål med mine to første brikker.



Eg synest dei vart spreke, kvar på sin måte:)
Har sydd i stoff av dynetrekk som kjem litt herifrå og derifrå.
Gjorde det litt enkelt med tre store bitar, då.
I midten er det eit lag med bordvatt.



På baksida har eg også brukt eit gammalt stoff.
Det er vel kanskje ikkje heilt retro, men eg likar det, eg.
No kan brikkene brukast på begge sider:)


Dette er ein litt forseinka julepresang til eit nabopar.
Dei var bortreist i jula, så eg har jo hatt litt tid på meg til å få laga presangen.
Det er berre så vanskeleg å komme i gong...
Og no vart eg i grunnen så fornøgd med sluttresultatet, at eg kunne tenkt meg å behalde dei sjølv:)

God lørdag til alle som tittar innom:-)



6 kommentarer:

Anonym sa...

For noen herlige stoffer du har brukt i de øverste brikkene!! Nydelige :)

Marit

Fragmenter sa...

Brikkene blei kjempekule, Sonja! Sukk, tror jeg er litt forelsket i det grønne retrostoffet du har brukt på den øverste brikken. Klarer ikke å se meg mett på det.. Skjønner at du kunne tenke deg å beholde de;-)
Fortsatt fin helg!

Ellen sa...

Kjempefine brikker!Stoffene er jo rålekre, skikkelig herlig retro:)
Ha en finfin lørdagskveld:)

kimberlee.blogg.no sa...

Fine brikker:)Stoffene er kjempefine..
Ha en fin lørdagskveld..

SNILLPIKE♥ sa...

Knallflotte brikker, heldige naboane de har då.

Fortsatt fin helg til dåke alle 3, klem frå sørvest.

Fargevandring sa...

De ble fine! Kjenner selvsagt igjen ett av stoffene:-) Gøy å se hva du har brukt det til.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...