onsdag 19. januar 2011

Veske-inspirasjon



Eg var som snarast innom den godaste Namaste og såg kva ho hadde sydd seg.
Hennar første syprosjekt var ei flott veske i retrostoff.
Eg vart inspirert til å vise fram det første eg også sydde - det var før eg begynte med blogginga.
Nemleg ei veske eller kanskje rettare sagt eit handlenett.



Eg brukte to av dei første retrostoffa som eg fekk av ei dame i nabolaget.
Og dette svarte og kvite stoffet er ei gammal gardin i Marimekko-stoff.
Det var skikkeleg solid og passa godt til denne bruken, var min første tanke då eg såg stoffet.
I ettertid har eg tenkt på mange andre ting eg kunne ha sydd av det, men det er jo ikkje meir igjen...
Eg har i alle fall eit handlenett som ingen andre har maken til!



Eg tok utgangspunkt i denne oppskrifta, men hjørna laga eg i fransk søm etter denne oppskrifta.
Ville ha botnen litt flat slik at melkekartongar og slikt kan stå skikkeleg.
Likar veska godt og brukar den kvar gong eg handlar mat.
Så sant eg hugsar å ta den med,då:)

Ha ein flott dag i morgon:-)


9 kommentarer:

kimberlee.blogg.no sa...

Kjempefin veske..

Fargevandring sa...

Fin veske:-) Likte godt det Marimekkostoffet...

gult hus i svingen sa...

tøft stoff, herlig veske:) Skal se på oppskrifta:)

Klem fra Trine:)

Fragmenter sa...

Det var en flott start på sykarrieren det, Sonja:-) Og å ha noe som ingen andre har er deilig, det!
Blomsterhilsen herifra:-)

Mitt skip er lastet med... sa...

SUPERfin veske! Er stor fan av Marimekkostoff i sort/hvitt :)

Marit

Dagny sa...

Så fint stoff! Ja jeg kan godt tenke meg at det finnes flere bruksområder for det :)

Torunn sa...

Kjempestilig veske!!

Shy B sa...

Fin veske! Har faktisk lagra det fyrste mønsteret du linka til, med ein plan om å sy ei veske ein gong....

Randi sa...

Hei på deg!! Kjempetøff veske. Jeg har kjøpt meg noen slike billige handlenett. Men husker jo aldri å ta de med i butikken! Men kanskje om jeg syr meg et retronett? ;) Det var lurt! Jeg skal faktisk begynne på sykurs i februar. I retrosøm. Og gjett hvem som skal ha kurset; Mamma! Haha! Da blir jeg nok den vanskelige eleven. Jeg som bare syr ivei uten altfor mye planlegging på forhånd:) Ha en fin kveld Sonja!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...