tirsdag 22. februar 2011

Frå innerst i skapet

 

Eg har vist desse gardinene tidlegare, og då hang dei så fint heime hjå ho mor.
Det gjer dei jo for så vidt enno, for det viste seg at ho hadde to gardinhøgder til... der innerst i skapet...
Desse var faktisk betre bevart i fargen også:)
Dei farga veldig av då eg vaska dei, så eg stoppa maskina og heiv innpå det eg hadde av salt - i håp om at det skal stoppe avfarginga.
Tek gjerne imot tips når det gjeld akkurat det, for eg synest ofte det er dei røde stoffa som fargar mest av.
Har lyst til å bruke stoffet til lappetepper og slikt, og då vil det vere surt dersom det fargar av på dei andre stoffa. 

 

Ja, eg har absolutt tenkt å klippe i gardinene.
Eg har jo ikkje bruk for barnegardiner lenger, og det er forhåpentlegvis ei stund til det kjem barnebarn...

Har du lyst på ein liten bit, så byttar eg gjerne:)

  

3 kommentarer:

Bondekona sa...

Det var supertøft!
:)
Heldig som finner sånt hos mor di.

(hadde jo glemt hva fisken din het i dag i handlestyret, så jeg måtte bare putle meg bort i frysedisken til Findus og de..)
:)

God som Grønn sa...

Fiint stoff!

Ble ikke lite sulten av den søndagsmiddagen din, forresten ; ) Jeg elsker fisk!

Eira sa...

Eddik fikserer farge i tekstiler :)
Herlig blogg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...