lørdag 12. februar 2011

Styggpen tapet?

 

Eg må starte med å takke for alle hyggelege helsingar i forbindelse med sjukehusopphaldet til junior:)
Operasjonen var vellukka, og vi kom heim i kveld etter ei lang veke i Bergen.
No ventar det minst 6 veker på krykker... 

 

Denne tapetrullen har eg fått av ein tidlegare arbeidskollega.
Ho hadde faktisk fleire uopna rullar liggandes på loftet... kallen hadde no kjøpt rikeleg sidan den var på salg ein gong på 70-talet...
Eg kan ikkje bli einig med meg sjølv om eg synest den er fin eller stygg, og difor har eg kalla den styggpen:)
Kanskje litt voldsom? Hehe!
Den passar ikkje så veldig godt inn i fargeskalaen her i huset, men eg har iallfall brukt den på ei hylle inne i eit skap.

 

Kva synest dåke om tapeten?
Eg har prakka den på nokre av dei eg har bytta retrostoff med, og eg synest det er for gale at rullen berre ligg her.
Kanskje nokon har tapet som dei vil bytte med?
Eg er ikkje ute etter store bitane altså:)

Håpar alle får ei fortsatt fin helg!



7 kommentarer:

Duse Pasteller sa...

Veldig kul!!! Helt sant!;)
Godt at dere har kommet dere vel hjem:)
Klem, Janniche

gult hus i svingen sa...

den tapeten er helt rååå, synes jeg:) Også er jeg jo så heldig at jeg har en bit av den, den skal brukes på ei hylle, hadde jeg tenkt, men hylla må males først:) Har dessverre ikke noe å bytte med:(
6 Uker med krykker går vel det også, når resultatet blir bra:)

Klem fra Trine:)

Fargevandring sa...

Den er kjempefin:-) og jeg er veldig fornøyd med den fine biten jeg fikk av deg:-)

RomantiskRetro sa...

Den var superlekker!!

Randi sa...

Hei! Godt å høre at det var vellykka og at døkk er hjemme at:) Jeg blir heller ikke helt enig med meg sjøl ang tapeten din! Hehe! Men den lampa som var hjemme i min barndom, som jeg var så flau over, skulle jeg gjerne hatt i mi ega stue nå! Smaken forandrer seg etterhvert, heldigvis:)
Håper du får en fin morgendag!! Klem.

popetotrora sa...

Jag skulle säga att den är fin!! Tror dock att det kanske blir lite väl mycket med en hel vägg av den, men en hylla eller låda eller nåt tror jag skulle va superfint! :-)

SNILLPIKE♥ sa...

Har ein god meter på lur eg òg av den tapeten. Ventar på at da rette prosjektet som den passe til skal dukke opp.

Masse god bedring til godguten til tante, kjekt at alt har gått bra.

Bilettar med ferje til Danmark er bestillt i kveld Jo..., så eit skritt nærmare ferie no.

Fin morsdag til deg Sonja, klem♥

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...