mandag 7. mars 2011

Glimt av redesign

 

Eg var på kurs i redesign denne helga.
Denne litt slitne buksa var mitt første fornyingsprosjekt.
Synest dette bølgete stoffet passa godt her:)  

 

Denne dama har sydd om og tilpassa ein kjole frå 70-talet, og ho brukte den faktisk til fest same dagen:) 
På bildet under har ei av dei andre sydd om ei gammal cordbukse.
Sjekk forresten den stilige retroblusen ho har på seg!!
Eg er imponert over kva som vart sydd og fiksa på, og skulle ønske at eg hadde hatt litt meir kle og ta av... 

 

Når det gjeld det vesle lotteriet mitt, så vart det ikkje trekt før i dag.
Eg klarte nemleg det kunststykket å dette i trappa under støvsuging i gårkveld... tjukke ullsokkar og lakkert furu er ingen god kombinasjon... klassisk dumskap!
 Men eg er like heil, om enn litt merka av rutsjeturen... hehe!

I alle fall har junior trekt ut ein av dåke som ville vere med på dette uhøgtidlege lotteriet.
Den heldige er RANDI!
No har no ho massevis av retrostoff frå før, men eg håpar ho ikkje har akkurat desse her...


 

3 kommentarer:

Duse Pasteller sa...

Så kult! Sikkert lærerikt og inspirerende og være med på!
Auda! Du må ikke drive å rutsje i trappa - det kan bli ondt det!!;) Godt å høre at du er like hel!
Håper det går bra med junior også etter operasjonen:)
Klem, Janni

Ann Tove sa...

Buksa di vart flott, ingen som har maken til denne.Det var nokre koselege dagar denne helga. Håpar du kjem deg fort til igjen etter fallet, kan kjennest lenge etter ein rutsjetur ned ei trapp, vil eg tru.

Randi sa...

Hei på deg! Nei, har ingen av de stoffa:) Moro å vinne noe!! Høres og ser ut som et fint og vellykka kurs!! Det elefantstoffet på cordfløyelsbuksa har jeg brukt å sydd en genser til Eskil med:) Ser det har blitt egg også!! :) Jeg er nettopp hjemme etter en lang dag på lillehammer, så nå skal jeg strax køye!
Ha en fortsatt fin kveld!! KLEM.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...