onsdag 13. april 2011

Fine funn


I desse loppemarknadtider florerer det med blogginnlegg om kupp og andre fine funn.
Her omkring er det sjeldan noko slikt som loppis, og også svært få bruktbutikkar.
Så eg får glede meg over andre sin entusiasme:)
Og ta godt vare på den gledesrusen eg følte då eg kom over noko småtteri på NMS Gjenbruk...
Dette fargeglade settet låg godt gøymt i ein mørk krok under nokre dukar.
Det ser ikkje ut til å vere brukt heller:)
Den minste passar perfekt opp i brødkorga:))


Eg har aldri gjort dei store funna på butikken, så forundringa var stor då eg fann enda ein liten duk.
Og til slutt ein god halvmeter med denne nydelege turkise kreppmetervara:)
Den ser også ubrukt ut, for det er ingen sømmar i stoffet.
Elskar denne fargen

7 kommentarer:

Vårglad sa...

Kjempeflotte dukar! Dei øverste huskar eg at me hadde heima når eg var liten, bare at det var i raudt. Kjekt å gjera så flotte kupp:)
Nydelig løpar nokre innlegg nedanfor her forresten!

Fragmenter sa...

Flotte funn! Den nederste duken var bare helt nydelig:-)

Randi sa...

Kjempefine duker!! Og kjekt med kreppstoff og!! God følelse og finne noe slikt ja:) Ha en fin-fin kveld! Klem.

Shy sa...

Ja, sjeldan med loppis her i distriktet!
Eg kunne godt tenkt meg å gå på slkt, noko eg aldri har tenkt på før blogglandia ;)
Det er ein award til deg hos meg!

Fargevandring sa...

Ja, nydelige farger på funnene dine! Helt riktig gjettet hvilket stoff jeg skal sy av.....det skal bli fint:-) Ha en fin kveld, Sonja!

Petra / Popetotrora sa...

De översta tygerna är verkligen fina! Färgglada och härligta. :-)

En støvel og en sko sa...

Så fine stoff! Kjekt å finne sånt, men ikke ofte det skjer dessverre.
Ha en fin dag :-)
Klem

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...