lørdag 9. april 2011

Løpar


Eg har sydd ein løpar til kjøkkenbordet.
Eh, eg måtte rydde litt av bordet for å få tatt bilde med duken på plass... og no er det like fullt igjen...
Dei kobboltblå telysestakane frå Hadeland Glassverk er eg veldig glad i ♥


Mange av desse stoffa er mellom mine favorittar, og eg er nok litt sparsom med å bruke av dei.
Nokre av dei har eg også berre små bitar av.
Eitt av stoffa var veldig "laust" og vanskeleg å ha med og gjere, så for ettertida kjem eg til å forsterke slike stoff med vliselin.
Eg har også sydd ein saum i skøyten mellom stoffa, for å gje løparen litt betre hold.


Eg har litt keramikk i huset, og desse stakane er laga av ein hobbykeramikar frå andre sida av fjorden.
Og det fantastisk fine stoffet dei står på... har du meir av dette stoffet, snille, vene, vakre Marian!?


Håpar dåke får ei super helg!

Klem frå Sonja




8 kommentarer:

Bente sa...

Ja,då var våren kommen inn på kjøkkenet ditt:-)
Søt løpar og flotte lysestakar.

Ha ei god helg.

Petra / Popetotrora sa...

SÅ himla fin löpare! Grymt fina tyger och härliga färger!

Hoppas du får en mysig lördageftermiddag och kväll!

marian sa...

Så kjekt at du har brukt eit av stooffa frå meg til denne fine løparen. Ja, eg har litt meir av dette stoffet. Er frå ein kjole eldste dotter mi kjøpte på ein loppemarknad for nokre år sidan. Har òg nokre andre bitar som bringer tankane mine til deg. Kanskje det kjem ein ny pakke om ei stund???

God helg då!

Marian

Shy sa...

Ja det vart vårleg med deg! Dukar får ikkje ligge lenge i ro her i huset. Dei vert fort skubba til sides, eller overlesst med saker og ting :) God helg til deg!

Fragmenter sa...

Så fin løper du har sydd deg! Og Hadelands-glasset skjønner jeg godt at du er glad i!
Jeg har landa i sofaen etter strevsom loppis-runde i dag. Sånt tar på!
Ha en god kveld:-)

3prinser sa...

Så flott en løper :) liker fargesammensetningen veldig godt!

Randi sa...

Hei!! Kjempefin løper, med flotte favorittstoffer!! Jeg var absolutt fornøyd med loppene mine, sjøl om alle trodde motsatt! Hehe! Det var frivillighetsentralen i bygda som hadde loppis, og jeg syns det var for det meste de samme tinga som i fjor:) Men moro lell!! Nå vet jeg ikke om noe loppemarked før i mai, så det er ikke så mye av det her omkring heller akkurat! Men tror ikke jeg hadde hatt godt av loppis hver helg:) Ha ei fortsatt fin helg! KLEM.

E.R.R.Y sa...

Åh, så fin löpare! Kul att se att två av tygerna från mig kom till användning också. :)

Önskar dig en fin helg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...