lørdag 2. april 2011

Stoffglede


Onsdag denne veka fekk eg heile 3 pakkar i posten!!!
Ja, postkassen var faktisk heilt stappa full...
Dei øverste stoffa kjøpte eg ein bit av på Epla.
Ubrukte gamle dynetrekk, ifølge selgar.


Den neste pakken var premien som eg vann i første del av Erry sin Give away.
Mange flotte stoff:)
Eg ser jo no at eg begynner å få veeeldig mange grøne retrostoff.
 Og eg hadde vel strengt tatt ikkje trengt å kjøpe det grøne over, om eg hadde visst kva som kom i pakken...
Likte veldig godt kortet som kom med pakken også - kombinasjonen rosa og grønt var faktisk veldig fin:)


Eg var også så heldig å få ein liten stoffpakke med litt ymse gamle stoff frå Marihøno.
Det låg jo nokre skikkeleg fine retrostoff i bunken også:)
Og så hadde ho vore på loppemarknad og funne sengetøy med Mikke og Minni, og sende like godt med litt av det også.
Fint gjort og tusen takk, Marian:)

No får eg ta og få på meg fillene, og komme i gong med litt andre ting som til dømes husarbeid og helgehandel.

RIKTIG GOD HELG TIL ALLE :-)



5 kommentarer:

Randi sa...

Kjempefine stoff!! det er så moro med pakker i posten:) God helg til deg og dine! KLEM.

3prinser sa...

Morro med så mange fine nye stoff da :) God helg!

Fragmenter sa...

I dag var postkassa mi full av herligheter i bomull:-) Det er så kjekt, det!
Utrolig mange fine stoffer du hadde fått.
God lørdag!
Klem:-)

marian sa...

Ser ut til at du har auka stofflageret ditt betrakteleg! Blir spennande å sjå kva du kjem til å laga no då!
God helg til deg!

Klem frå Marian

popetotrora sa...

Åh, du har verkligen kunnat fylla på tyghyllan med hur mycket fint som helst den senaste veckan! Blir spännande att få se vad du gör för fint av tygerna. :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...