tirsdag 24. mai 2011

Perlemoro


Sist eg var på Panduro såg eg eit kjekt lite hefte med idéar til annleis bruk av rørperler.
Eg har brukt den vanlege str. - midi, trur eg?

Sett steikovnen på 200 grader.
Lag for eksempel nokre blomster på førehand.
Sett perlene på bakepapir, og smelt dei 2-4 min.
Dei må ikkje bli heilt flate.


Pensle matolje på innsida av ei ovnsfast glas- eller porselensskål.
Oljen gjer at perlene festar seg i skåla, og at det etterpå er lett å løsne dei frå forma.
Eg brukte ei lita dessertskål - kanskje i minste laget!


Sett perlene tett saman, og plasser ev. blomster der du vil ha dei.
Og så er vi klar til steiking/smelting.


Ein må berre følge med på smeltinga, men mi skål stod vel 5-6 min og flaut kanskje litt for mykje saman.
La iallfall det heile bli kaldt, før du tek perlene ut av forma.
Vask perlekunsten med lunka vatn og oppvaskmiddel, for å fjerne oljen.
Resultatet vart ei artig, lita pynteskål:)


I heftet var det brukt maxi-perler, og då var steiketida ca. 10-12 min.
Det er nok mykje enklare å bruke slike store perler (i større former), og ikkje minst meir barnevennlig:)


Håpar dette var nokon lunde forståeleg, men berre spør om du lurer på noko.

Lykke til om du vil prøve!
Dette er barnslig moro:))




9 kommentarer:

marian sa...

Fin liten idè detta! Skal dela den med kollegaer i småskulen - takk!

marian

Røsslyng - Dikt for dagen sa...

Så smart!! Takk for at du deler tipset! Sumarleg skål på null komma niks;)

Ann Tove sa...

God ide. Eg har tusenvis av perler liggande etter då ungane var små.

Bondekona sa...

Stilig tips!
Takk!
:)

gult hus i svingen sa...

Dette ble jo stiiilig, Sonja:)Takk for at du deler:)
Fine ting du har funnet i det siste:) jeg ønsker meg Gracielastoffer:) Hvor kan man kjøpe sånt da?:)
Klem fra Trine:)

Kristin Kreativius sa...

Råstilig! Rørperler kan virkelig brukes til litt av hvert:)

Ha en fin dag:) Klemmer:)

Hildemiho sa...

fantastisk barnslig morro. skålen ble super duper søt! klem klem

Janne's Photography sa...

Kreativ og flink er du Sonja;-)

Anonym sa...

Vilken rolig idé! :-)

Ha en bra dag! //Petra (popetotrora) som inte kan kommentera med mitt google-konto av någon anledning

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...