søndag 19. juni 2011

DIY stoff♥ og trekning


Slik kan du lage ditt eige stoff♥: 

•Ta stoffet du vil bruke og stryk på vliselin - biten må vere stor nok til å dekke heile ♥.
•Teikn av ♥ og klipp ut. Rund spissen ein smule.


•Legg dei to delane vrange mot vrange, og fest saman med 3 nåler.
•Marker for hulla (ev. ta det på slump) - ca. 0,5 cm inn på stoffet og med litt mindre enn 1 cm avstand mellom hulla.  


•Bruk det minste hullet på tanga, og knip i veg. 


• Eg brukar heklenål 2,5 og bomullstråd (i dag Mandarin Petit).
•Startmaske midt oppe, hekle 2 fastmasker i kvart hull. I spissen heklar du 3-4 masker.  Ikkje hekle altfor fast.
•La trådenden vere litt lang, for den har du bruk for seinare.


•Hald fram med heklinga eit godt stykke opp på siste langsida. Det ser kanskje litt bulkete ut, men det rettar seg i neste trinn:)
•Finn fram putefyll og stapp  til du synest ♥ er passe fyldig.


•Hekle rundt resten av ♥, og avslutt med ei fastmaske i hullet der du starta.
•Knyt dei to trådane saman, og så kan du henge opp ♥ ditt.
•Du kan også hekle ei luftmaske-snor av dei to trådendane (då enden du starta med vere ganske lang).


Håpar nokon kan få lyst til å prøve og lage eit slikt ♥.

Ein heldig person kan få sitt ferdiglaga i posten om nokre dagar:)
Random.org trekte ut nr. 8 av 18 deltakarar.
Det vart Duse pasteller.
Gratulerer, Janni!

Dåke andre får prøve lykka her hos meg ein annan gong:)
Det vert nok snart ein ny sjanse...



15 kommentarer:

skjerstad sa...

Tusen takk for DIY :) Jeg har veldig lyst å prøve ! Og gratulerer til Janni :)
Klem fra Janne

marian sa...

Var litt rask her med å setja meg trekningslista på ditt forrige innlegg - og det ETTER at du hadde trekt! Jaudå. Seier ikkje meir...Men hjerta dine er kjempesøte! Neste gong vil eg vera med i trekninga på skikkkeleg.

Marian

Mette Kathrine sa...

tak for DIY. Dem tror jeg, jeg skal have lavet en masse af :*D

camillaeli sa...

Tak for hilsnen på min blog. Jeg måtte jo lige ligge min vej forbi dig, og sikke en fin blog du har fyldt med mange gode ideer. Jeg melder mig glad som ny fast læser ;o)

Namaste (jeo74) sa...

Flott DIY!
Det fekk eg lyst te å prøva :o)

Hekkan Hekkel sa...

Så flott DIY du har laga! :) Og så lagar du så mange fine hjarter, blomar etc med fin heklakant rundt. Eg kjem òg til å hive meg på denne bølgja etterkvart som tida strekk til :)
Synd eg ikkje fekk med meg utlodninga di medan eg var på ferie, men eg får prøve meg neste gong heller ;)
Takk for kjempemykje fin inspirasjon!
Klem, Kristin

Signe sa...

Tuuusen takk for fint stoff og herlig stoffhjerte som jeg fikk i posten i dag! Nå pynter det opp på kjøkkenet vårt :)

Klem
Signe

Anonym sa...

Flott at du vil nytte stoff med meg? Sender du en mail med bilder av de stoffene du vil bytte bort?

Hilsen Sølvi
'en støvel og en sko'

Birgitta sa...

Vad roligt att du vill vara med i min utlottning. Så fina hjärtan du syr.
Önskar dej en skön midsommarvecka.
Kram Birgitta

popetotrora sa...

Tack för jättebra beskrivning! :-)

Janne's Photography sa...

Fint hjerte du har laga Sonja, flink og kreativ er du ;-) fin kveld til deg:-)))

Duse Pasteller sa...

LUCKY ME!!!!!:D
Så gøy da du! Tusen takk!!:)
Må jo bli noe i pasteller det da;) Duse pasteller...;)
Du kan velge noe du synes passer!
Sender deg en mail!
Hurra!:D
Klem ♥

Hagealven sa...

Nikker - sånn vil jeg prøve å lage!!!!

Sanja sa...

Beautiful...I love hearts :)))

LillaPanter sa...

Jeg skal prøve å lage slike hjerter =) Skal linke til bloggen din når jeg er ferdig selvfølgelig ;) Skal på stoff og stil på mandag å se om jeg finner noen fine stoffer. Men hva er vliselin og hva er poenget med det?
Ha en fin helg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...