fredag 29. juli 2011

Late dagar


Då var vi vel heimkomne etter ein bedageleg tur.
Vi bestillte overnatting sånn litt etter kvart, og første stopp vart litt før Voss.
Ruta gjekk vidare til Eidfjord, Geilo, Kongsberg og så til målet; Larvik. 
Vi kjenner ikkje ei sjel i byen, men fann berre ut at dit skulle vi dra.
Hotellrommet var sjeldant fint og moderne i stilen med fin fargekombinasjon:)
Junior fekk sitt eige rom, og var godt fornøgd med det.

Etter nokre totalt avslappandes dagar, gjekk turen vidare via Sandefjord, Tønsberg, Drammen, Hønefoss og overnatting i Nesbyen.

 Vi passerte Utøya på turen nordover, og det vart unekteleg rart å køyre forbi.
Eit punkt ved vegen var fyllt med blomster, og mange stod og såg over til øya.
Det skapte nærmast trafikkaos, men folk køyrde heldigvis fint forbi.
 

Det vart ikkje tatt spesielt mange bilder på turen, men men...
Etter å ha køyrt til Gol, Hemsedalsfjellet, Lærdal og Sogndal var vi nesten heime.
I Sogndalsdalen er det ein kjempeflott rasteplass.
Der kosa vi oss med pizza og brus:)
Dei fine pappbegera kjøpte vi forresten på Rema. 


I Fjærland kjem denne brearmen ned.
Då eg var liten gjekk den mykje lenger ned - etter det eg kan hugse.
Så kom vi til Skei, Førde og endeleg var vi heime igjen:)
Kjekt å dra på tur, men enda kjekkare å komme heim til sitt eige krypinn:)
Av erfaring er det veldig vanskeleg å ikkje gjere det slag når ein går heime utan å få dårleg samvet, så nokre dagar borte er lurt...

Litt shopping vart det jo også, og eg fann sjølvsagt fram til ein og annan bruktbutikk underveis...
Ikkje dei store funna, men kjekt  likevel - i allfall for meg!


God helg!



6 kommentarer:

Randi sa...

Ja, borte bra men hjemme best, heldigvis :) Fin runde dere har kjørt da! Blir spennende å se hva du har handla deg! Sikker på at det er noe fint :) Ha ei god helg ♥ KLEM.

Røsslyng - Dikt for dagen sa...

Kjekt å lesa om turen dykkar!! Du må ha køyrd forbi meg på vegen, eg bur midt mellom Bergen og Voss:) Mange vakre stadar, men kjenner godt kjensla av kor godt det er å koma heim att:)

Lis sa...

Det lyder som en dejlig tur.

Duse Pasteller sa...

Høres ut som en fin ferie, Sonja:)
Larvik er en veldig koselig by! Har kusine med familie der.
God helg til deg!
Klem♥

Bondekona sa...

Det har nok vært en fin tur.
Gleder meg til å se hva du har funnet for noe fint.
;)

Shy B sa...

Kjekt med ein tur! No er mine late dagar for denne sommaren over!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...