søndag 14. august 2011

Det blå huset


Då var hagevandringa vel overstått:)
Det gjekk over all forventning, og folk virka oppriktig interesserte i det dei fekk sjå:)

På oppfordring legg eg inn nokre oversiktsbilder frå hagen. 
Over frå framsida av huset mot øst. 
I framkant av bildet er eit av surjordsbeda mine. 


 Frå baksida mot vest.
Mykje berg og stein i alle retningar.
Nett slik eg likar det:)
På denne terassen glimtar bordet med sitt fråvær.
Bordplata til mitt nye bord står under (og har stått der i eit par år); ei over 2 m lang steinhelle frå eit gammalt tak.
Kallen skal lage eit understell i metall, og eg håpar det blir bra.


 Over her ser du skyggebedet mitt på nordsida av huset.
Det er laga i ei naturleg renne i fjellet.
All skiferen her er gamle takheller.
Altså gjenbruk i hagen også:)

Under ser du ein del av steinmuren som er laga av murestein sett på høgkant og trykt ned i jorda - omtrent som stabbesteinar.

Siste bildet er frå innkøyrsla vår, og det skulle sjølvsagt ha vore først i rekka.
Skal komme med litt fleire detaljbilder ein annan dag.


♥ Sonja ♥

 

11 kommentarer:

Røsslyng - Dikt for dagen sa...

Så utruleg flott hage du har!! Og er eg ikkje sjalu i det HEILE tatt;)

Lill sa...

så fint du har det! Velstelt og flott. Har forresten vært i Blafrebutikken i dag for å kjøpe stoff, tenkte på deg da;)

Fragmenter sa...

En nydelig hage du har, Sonja! Så velstelt, og flott med all steinen. Det liker jeg også:-) Skulle gjerne vært på hagevandring der, jeg!
klem

Randi sa...

Jøje meg så fint!!!! Blir flau over å tenke på mine blomsterbedd med ei salig blanding av blomster og brennesle/ugras i :) Ingen tvil om at du legger mye tid og sjel i hagen din! Kjempeflott! Også så stilig det blå huset var da!! Godnattklem fra Dovre.

marian sa...

Eg er faktisk veldig misunneleg! Kjempeflott hage og uteområde har du.Med ein sånn hage er det utruleg at du har tid til å sy så masse òg. Trur du er veldig efektiv eg. Ha ei god veke!

Marian
Ps: Misunnelsen stikke ikkje djupt allså!

Duse Pasteller sa...

Så fiint!
Så heldig du har som har så fint hus, hage og flott utsikt!!
Gøy å se:)
Klem

Ann Tove sa...

Kjempefin hage. Dette får ikkje eg til. Har mange idear, men kjem ikkje i gang. det er liksom andre ting som kjem først i rekka.
Når det gjeld meg og bruktbutikkar på turen, vart det lite av det. Turde ikkje stoppe å sjå, for so å måtte gå ifrå fristelsane. Med fire personar i bilen og bagasje for ei veke, var det ikkje plass for mykje handling. Men kanskje like greit, har lett for å ta heilt av på slike butikkar.

Skjerstad sa...

NYDELIG :) Dere har akkurat en slik hage vi vil ha . Vi jobber med saken. Jeg vet hvor mye jobb som ligger bak deres hage . Dere er virkelig flinke ! Tusen takk for at jeg fikk være med på en hagevandring i deres NYDELIGE hage :)

Klem fra deres hagebeundrer Janne :)

Gunnhild sa...

så lekkert! stilrent og velholdt!
jeg misunner deg berget..ååh, som jeg ønsker meg et berg :)
men, jeg lemper stein så mye jeg klarer da, og får nok nøye meg med det, for stein er flott!

Solveig sa...

Så fantastisk flott hage du har! Takk for fine bilder!

Marianne sa...

Nej, hvor ser det dejligt ud!! :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...