Ja, har du sett slike yndige frimerker?
♥
I dag venta det to pakkar i postkassen min.
Den eine var venta, medan den andre kom høgst uventa:)
Over ser du litt av innhaldet i pakken frå Mummiane sitt land.
Og her er innholdet i ein pakke frå godaste Randi.
Skulle ønske at eg hadde like god tilgang på retrostoff som denne dama, men det er jo utruleg kjekt at ho deler med oss andre:)
Tusen takk, Randi!
Eg var på ein liten bytur i dag.
Vart forresten ein smule frustrert... så frustrert at eg til og med gløymde bort den faste turen innom gjenbruksbutikken...
Når eg er innom handarbeidsbutikkane spør eg gjerne om tips og råd, og då stolar eg på dei svara eg får sidan eg ikkje har den store kunnskapen sjølv.
Vel, i dag fekk eg vite at den bomullsvatten eg har brukt ein del av til mine lappetepper krympar 3% i vask.
Det er jo ein del!
Vatten er beregna på quilting, der den sjølvsagt blir holdt på plass av alle sømmane.
Lurer på korleis mine tepper, som då ikkje er quilta, vil sjå ut etter vask:(
Som nokre rynkete filler!?
Jaja, ein lærer så lenge ein lever.
Eg fekk no iallfall kjøpt med meg litt prikkete Tilda-stoff:)
Og så fekk sjølvsagt dagens post meg i litt betre humør:)
Sonja
12 kommentarer:
Åhh, fineste Postmann Pat!! *gode minner*
Hmm, kjedelig da:/ Får håpe det går bra..
Klem fra Janni og Leon i Nord-Norge
Randi er nå bare så skjønn - det lyser lang vei gjennom bloggen hennes :-)
Så søte frimerker, må ikke kaste disse!
Så frustrerende med feilinformasjon - men ikke sikkert at det går så ille med lappeteppene, fingers crossed :-)
Fin kveld til deg.
Klem :-)
Så kjipt!
Får satse på aat det går bra i vask..de er jo sydd fast i kantene..
Men kjekt med pakke!!!
Hei!! Er pakka kommet frem ja, det var bra! Men i all hui og hast glemte jeg å legge nedi kortet jeg hadde skrevet! Jaja. Typisk meg! Tenkte Pat`n kanskje kan brukes til de fine posene du syr :) Fikk ei fantastisk flott pakke i posten i dag jeg og! Den må jeg vise frem i morgen! Ha en fortsatt fin kveld! KLEM.
:) Så artig med overraskelse i posten! Og så bra, etter den kjipe oppdagelsen med vatten! Håper teppene dine er like fine etter vask!
Nå blir det en real tur rundt om i blogglandia, unger lagt, og husbond sendt på trening. Ha en fin kveld Sonja:)
Hei!
Så kjekt at du "fann" meg :-) Eg ser at eg faktisk har vore innom deg før og, du har jo så utruleg mange fine stoff!
Bytur, er det Førde?
Men du bur ganske langt ute? Eg bur no innafor Dale, men er eigentleg Grytøyring som nett har flytta (nesten) tilbake frå Trondheim :-)
men misunneleg på alle stoffa dine altså ;-)
Nydelege stoff og søte frimerker! Kanskje du kan bruke merka til decoupage på stoff så varer dei lenge.....;o)
Eg brukar ofte bomullsvatt i tepper, som då er quilta. Då det gjev fin effekt og teppet ser noko brukt ut. Shabby heiter det gjerne på fint....
Du kan for eksempel i "grøfta" på teppa dine og det vil gå heilt fint. Sy i grøfta er i saumen mellom lappane. rette saumar med stinglengde 3-3,5.
Eller eit par saumar i slakke bogar langsetter og tvers over teppet er og nok, også med stinglende 3-3,5.
Ha gode dagar!
Solklem
Nuskete frimerker og stoff :)
Herlige frimerker:) Og nydelige stoffer:) Snille Randi som sendte deg noen:)
Klem fra Trine:)
Det er ihvertfall de søteste frimerkene jeg har sett:-) Og flott pakke fra søteste Randi. Kjekt å gå til postkassa når det er på den måten:-)
Ha ei god helg, Sonja!
Klem
Irriterande med den vatten ja! Håpar den fine posten gjer helga bra likevel:)
Hi, haven't seen this Moomin stuff, but I've this lollipop!
Legg inn en kommentar