Eg har funne fram ein strieduk med julemotiv og laga nokre lappar til julepresangane.
Duken vart kjøpt på bruktbutikken i fjor høst, nettopp med tanke på dette.
På baksida har eg brukt eit tettvevd strykebelegg (ikkje vliselin).
Det går fint an å skrive med kulepenn på dette belegget.
Når ein brukar grove striedukar må ein passe på å ikkje lage hulla for nær kanten, for då raknar stoffet veldig lett.
Ein liten smurf fekk også bli til ein fin lapp i julefargar.
Slike tynnare stoff kan ein jo med fordel lime på stiv papp, og då brukar eg gjerne vlisofix.
Ha ein super lørdag!
9 kommentarer:
Kjempe fine!
Hilsen Fredrikke :O)
fine merkelapper. Mye jobb da!!!. Ha en flott lørdagskveld
Så fine dei er!
Du er dyktig og kreativ!
God helg!
Solklem
Guri malla, dette var lurt!
Skjønar at eg ikkje kan kaste noko av alt det gamle som er i pappas hus. Der er loft og skap fullt av slike "hjertebankting"
ShyB
Så himlans fina etiketter! Gissar att dom verkligen kommer ge paketen det lilla extra. :-)
Så lurt og fint!
:)
Så stilig!
God helg :-)
Disse pimper virkelig opp en presang:-) Blir frista til å prøve!
Ha en god søndag.
Klem!
Kuleste pakkelappene ever!!
Legg inn en kommentar