fredag 3. februar 2012

Tupper-bollar

Heimebaka bollar er alltid godt, men bollar av denne 
oppskrifta synest eg smakar ekstra godt:)
I dag vart det rosinbollar.
Eg brukar oppskrifta til skillingsbollar og syltetøyhorn også, men då brukar 
eg eit kjevle med varmt vatn i til utkjevling av deiga.

Som tittelen tilseier, så er denne oppskrifta tilpassa utstyr frå Tupperware.
Eg har ikkje mange ting derifrå, men desse tinga er iallfall mykje brukt.
Du treng ein stor bakebolle med lokk - min er 7,5 l og meir enn stor nok.
Det kvite 'våpenet' til venstre har eg arva av mamma, og det har både blitt limt og har mista handtaket... altså velbrukt!
Iallfall brukar eg det til å lage bollane jevnstore.
Eg har også ein plastboks som gir litt større bollar. 

Bland det tørre (kveitemjøl, bakepulver, kardemomme og rosiner).
Smelt smør/margarin og ha i melk og vatn - det skal vere fingervarmt.
Bland gjær og sukker til det er flytande og utan klumpar.
Hell all væska oppi bollen og bland raskt saman.
Deiga skal vere litt klissete, så ikkje tilsett for mykje mjøl.

Ta lokket på bakebollen, og sett deiga til heving i varmt (ikkje gloheitt) vatn.
Etter ca. 10 min sprett lokket opp, og du kan kvelve ut deiga.
 Så er det berre å begynne og stikke ut til bollar og rulle dei litt rundt.
Ofte synest eg bollane blir glattast om eg rullar dei ferdige  
med hendene på bordet. 
Sett bollane til heving ca. 30 min.
Pensle med egg.
Steikast ved ca. 225 grader i 10-15 min.
Eg fekk 34 mellomstore bollar.

 

Håpar nokon får lyst til å prøve ut denne oppskrifta. 
Eg har brukt den i over 20 år, og får alltid masse skryt for dei gode bollane:-)
Er noko uklart, så berre spør meg.


God helg! 


PS! Det er faktisk heilt tilfeldig at mykje av utstyret her er blått og fint:-)


 

 

13 kommentarer:

  1. Hmmmmmmm det ser sørme gode ud. Dem må vi prøve en dag.

    Rigtig god helg.

    SvarSlett
  2. Hmmmm! :-) så godt ut. Tror jeg må prøve denne men uten rosiner. Har ikke så fancy utstyr som deg, men det går vel bra!? ;)

    SvarSlett
  3. mmmmmm..... Eg trur det blir bollar i Bjørnesien i dag!

    Takk for inspirsjon og oppskrift!

    God fredag til deg!

    Solklem

    SvarSlett
  4. Jeg bruker samme oppskrifta, SOnja, men uten kardemomme;)
    God helg til deg fra Trine:) KLem:)

    SvarSlett
  5. Viss du har brukt denne oppskriften i 20 år, da må den være god, så ja, da vil jeg gjerne prøve. Takk for oppskrift, og GOD HELG :-)
    Klem :)

    SvarSlett
  6. No vart eg kjempesvolten! Takk for oppskrift, denne må prøvast ut:)

    SvarSlett
  7. GJETT hva jeg fikk lyst på nå da!?!:P
    Takk for fristelsen du;)
    Klem

    SvarSlett
  8. Mmm dette såg godt ut. Kanskje det blir bollar her og i helga :-)

    SvarSlett
  9. Disse bollene ser gode ut. I morgen skal jeg bake hamburgerbrød:-) Ha ei riktig fin helg. Klem, Anne Lise

    SvarSlett
  10. Såg kjempegode ut allså! Eg har laga pizza i kveld, blir kanskje noko anna godt på bakefronten i morgon.Men du: Eg syns stoffa med sauene på var veldig fine. Kunne vi ha bytta nokre bitar???

    God helg til deg!

    Marian

    SvarSlett
  11. Såg kjempegode ut allså! Eg har laga pizza i kveld, blir kanskje noko anna godt på bakefronten i morgon.Men du: Eg syns stoffa med sauene på var veldig fine. Kunne vi ha bytta nokre bitar???

    God helg til deg!

    Marian

    SvarSlett
  12. En bolle- alltid godt :-)
    Jeg kan dessverre ikke bake med gjær, men bruker bakepulver. Elsker scones og en god kopp med te.
    Dine boller så veldig fine ut. God helg :-)

    SvarSlett
  13. Mmmm, trur eg må prøve denne oppskrifta i helga :)

    SvarSlett

Kjempekjekt at du skriv nokre ord til meg:) Om det er noko du lurer på, så ta gjerne kontakt:)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...