tirsdag 7. februar 2012

Wool-eater blanket

Her er mitt nye hekleprosjekt.
Dette skal bli eit babyteppe til ein gut som snart kjem til verden.
Valget av fargar er kanskje litt utradisjonelt, men eg 
likte denne kombinasjonen.
Fargane er nok ein del djupare i virkeligheten.
 Eg har brukt Juvel-garn.
Det delar seg litt, synest eg, men utvalget lokalt er ikkje så stort.
Hadde nok valgt eit anna garn om eg hadde handla i byen.

 

 Mønsteret hadde eg lagra som eit *kanskje ein gong* prosjekt.
Det såg liksom så avansert ut.
Plutseleg fann eg ut at eg like godt kunne prøve det, for eg 
skulle jo begynne på eit nytt teppe likevel.
I starten var det litt vanskeleg å sjå gangen i mønsteret,
men no går det som ein leik:)
Og det er sanneleg eit wool-eater teppe... håpar berre eg har nok garn!

Her finn du mønster til ei firkanta utgave og den avlange 
som eg held på med.
Eg hadde sikkert tatt bort ei rute eller to på første fargen, for 
akkurat no ser det litt langt og smalt ut.

Tusen takk for alle fine kommentarar eg har fått i det siste!
Eg set veldig stor pris på dei:-)


Sonja

 
 

13 kommentarer:

  1. Hm... Skikkelig tøft....
    Kunne tenkt meg å prøve dette, men er sååååå dårlig på engelske oppskrifter. (har aldri prøvd for å være ærlig...)
    Noen mulighet for at du kunne skrive den på norsk?

    Bare spør :)

    Ha en fin kveld da!

    SvarSlett
  2. Nydelig teppe i flotte farger:) For avansert for meg dette:)

    klem Trine

    SvarSlett
  3. Dette ser avansert ut. Men det blir kjempeflott.

    SvarSlett
  4. kjempefint teppe med masse fine farger:)

    SvarSlett
  5. Hmm!! Har ikkje sett slike hekla ruter før. Fine. Må setje det på to do lista;)

    SvarSlett
  6. Herlige farger!

    Har aldri sett en lignende strikkemåte...
    eller var det hekling?

    SvarSlett
  7. oj! dette så skikkelig vanskelig ut!!
    men, gleder meg til å se resultatet!

    SvarSlett
  8. Fantastisk flott mønster! Jeg liker fargene du har valgt! Håper du legger ut bilde når teppet er ferdig! Ha en fin dag!

    SvarSlett
  9. Hvor ser det bare flot - og meget svært ud. Jeg er dybt imponeret over dit hækleri.

    SvarSlett
  10. Dette er flott! Nydeleg mønster og ikkje minst flotte fargar!!

    Tusen takk for inspirasjonen og ei nytt punkt på dette-vil-eg-gjerne-prøve-lista mi;o)

    Ha gode dagar!

    Solklem

    SvarSlett
  11. Å, så lekre fargar!! :D

    Heldige guten!

    Ha ein fortsatt fin onsdag!

    SvarSlett
  12. Kjempefine farger og tøft mønster! Gøyal tittel på mønsteret også :-)

    SvarSlett
  13. Kjempe flott teppe. Kjekt å treffe fleire sunnfjordinger i "bloggverden" Eg må nok legge meg til som følger. Klem Lilladør.

    SvarSlett

Kjempekjekt at du skriv nokre ord til meg:) Om det er noko du lurer på, så ta gjerne kontakt:)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...