Ja, dette ser utvilsomt litt skummelt ut, hehe:)
Eg har funne mange kake- og dessertoppskrifter der
ordet vaniljeekstrakt går igjen.
Noko slikt har eg ikkje i mitt hushold, og ikkje veit
eg kor eg får tak i det heller.
Dette skal gi sååå mykje betre smak enn det vanlege
vaniljesukkeret, heiter det.
Då eg las at ein kan lage det sjølv, tenkte eg at
det var no verdt å prøve det ut.
Så no ligg to vaniljestenger oppi 4-5 dl av kallen sin vodka og
godgjer seg, og der skal dei ligge i 8 veker.
Eg delte stengene, skrapa ut frøa og heiv alt saman oppi spriten.
Blandinga står i kjøleskapet, og den skal ristast eit par gongar i veka.
Er det nokon som har prøvd dette, vil eg gjerne høyre om det.
Eg har brukt Absolut citron, men kanskje det hadde
vore betre med ein nøytral sprit?
No har blandinga mi stått i 3-4 veker, og den er begynt å bli brun.
Blir spennandes å prøve dette ut om ein månads tid...
Sonja
9 kommentarer:
Da såg ikkje så veldig delikat ut, så vi får satse på at smaken blir mykje betre....
Fin veke til dåke i Vårneset, klem.
Håper det smaker bedre enn det ser ut! Ha en god natt!
Blir moro på 17, mai dettane? :D
Vi har en give-away på gang. Kom innom oss og bli med da vel :)
Dette høyres spennande ut. Håper du fortel om korleis det går vidare.
Ha ein god dag!
KariLklem:)
Jeg kjøper min vaniljeekstrakt, og bruker den i alt fra baking til yoghurt og smoothies. Hvis din blir god skal jeg prøve å lage selv:)
Ha en fin dag!
Klem
Ser skummelt ut, men spennande :-)
Jeg kjøper også min.. Skulle jeg laget,tror jeg at jeg ville brukt ren vodka. Tror jammen jeg skal prøve neste gang Meta-mannen har vært på polet.:)
Klem fra Meta
Såg litt skummelt ut ja ;o)
Blir heilt sikkert bra.
Så flott favorittputa di og da-liker.
Så kult at du setter i gang og gjør slikt selv. Jeg har kjøpt vaniljeessens i bakeavdelingen på butikken (på størrelse med konditorfargeflaskene). Men det er kanskje ikke det samme? Spennende prosjekt er det likevel. :)
Legg inn en kommentar