Det er kjekt å lage sine eigne dekorasjonar - ikkje treng det koste mange kronene heller:)
Eit enkelt ♥ av mose, som også er enkelt å lage.
Du treng: hønsenetting, tynn blomsterstreng (helst grøn), ein avbitar, mose og ev. dekor.
Når du samlar mose følger det gjerne med litt jord, kvistar og diverse småkryp.
Derfor brukar eg å legge mosen utover på ei avis (utandørs/i garasjen)
i nokre timar, og så plukkar eg vekk rusk og rask og kryp.
Jo større flak av mose du har, jo finare vert resultatet...
Bruk avbitaren og klipp til eit ♥.
Bøy inn alle endar som stikk ut, og form ♥ slik du vil ha det.
I denne prosessen er det lurt å ha på seg litt tjukke hanskar - eg brukte rosehanskar.
Legg nettingen oppå det som skal verte baksida - mosen må vere større enn nettingen.
Surr litt streng rundt for å holde mosen på plass.
Eg brukte den tjukkaste mosen til baksida.
Dessverre kan eg ikkje namnet på dei forskjellige mosetypane, men tjukk og tynn fungerer vel!?
Til framsida brukte eg av den tynne typen som veks på steinar.
Brett moseflaka rundt kanten mot baksida, slik at det vert eit dobbelt lag her.
Surr godt med streng.
Om du ynskjer det, kan du vikle nokre runder med dekorstreng (f.eks. med perler) til slutt.
Eg laga eit andre ♥ av røsslyng frå hagen, og synest det vart sånn passe vellykka.
Det får no duge så lenge, men det er veldig enkelt å skifte ut pynten...
No heng i alle fall ♥ på inngangsdøra til det blå huset:)
No har eg tatt høstferie, men vi bloggast om ei vekes tid:-)
♥ Sonja ♥
I have made a ♥ of moss.
It is a cheap and *simple to make* decoration.
Now it is hanging on the front door of the blue house:-)
14 kommentarer:
Så fint det ble!! Pent med den lilla lyngen som pynt:-) Jeg er så utålmodig at jeg sikkert hadde gitt opp på halvveien....
Fin lørdagskveld til deg!
Klem Siri
Enig - mose er fint ! Hjertet ditt ble kjempefin høstpynt :)
Veldig fint!
Og god ferietur til deg.
Haustferie heime her :)
Den ble kjempefin! Ha en fin høstferie! :)
Flott. Spørs om ikke dette må prøves. Kos deg i ferien. D
Hearts are so close to my heart! This is very lovely, Sonja. Have a wonderful rest of your weekend.
Nydeleg hjerte, Sonja. Ha ein riktig god ferie! ☺
Nydelig hjerte til døra, Sonja:) Kos deg med høstferie, jeg skal ha fri i 2 dager:)
Trine:)
Kjempefint Sonja! Elsker pynt der ein bruker ting ein finn i naturen. Ha ei fin ferieveke!
Veldig fin pynt med mose og lyng. Ha en fin dag
Kjempefint!!!!
Dette ga virkelig inspirasjon.....må prøvast :)
Ha ein fin haustferie!!!
Oi, så fint det vart! Takk for tips på framgangsmåte, -lurt med hanskar.
Ha ein fin dag!
it's beautiful! it would make a lovely natural wedding decoration. Enjoy the Autumn, Heather x
Nydelig hjerte, og takk for tips på hvordan den lages!
-Marit
Legg inn en kommentar