søndag 2. desember 2012

Kalendar for store jenter




Denne superskjønne adventskalendaren har Irene med bloggen 
Gi det videre laga til oss for nedlasting.
Eg syntes den var så fin at eg berre måtte printe ut ein, sjølv om 
laserskrivaren vår ikkje er særleg samarbeidsvillig.
Irene anbefalar oss å laste ned før vi skriv ut, for best resultat.
Men med min skrivar måtte eg berre printe kalendaren rett ut, 
og han likte slett ikkje det tjukke papiret:(

Eg har brukt ein tapetkniv til å skjære ut med, for eg har
 enno ikkje skaffa meg ein skalpell.
Ikkje hadde eg splittbinders heller, men ein bit streng 
og litt svart, tjukt papir fekk duge (til munnen).
Resultatet vart no likevel brukandes - på avstand, hehe:)

Gå inn til Irene og sjå på kalendarane hennar - det er to fine fargekombinasjonar. 


Fortsatt god søndag! 




I think this Advent Calendar is so sweet, and it is for big girls as well:)
Go to Irene and have a look at her lovely, free printables.
She writes in English too. 


  
 

7 kommentarer:

Gunnhild sa...

den var bra søt!! må inn og sjekke ut den ser jeg, takk for tips!

Frøken Loppe sa...

Dei var jo kjempe søte, så koselig at ho deler!!!
Og så kjekt at du tipsa!!!! ;0)
Dette må eg prøve!!

Fin advent!

Klem

Ingeborg sa...

Kjempefin, må innom bloggen for å sjekke ut den:)

Irene [Gi det videre] sa...

Nei, no vart eg glad! Tenk at du har laga kalendaren med tapetkniv og på tross av kranglande laserskrivar og manglande splittbinders! Det er sanneleg godt gjort! Og veit du, eg likte godt at fargane ser litt "slitt" ut. Er lei for at eg ikkje fekk laga kalendaren ferdig tidlegare (slik at du rakk å få med eit par ting ekstra på handlelista di laurdag), men er nøgd med at eg endeleg kunne poste noko sjølvlaga igjen. Lenge sida sist. Tusen takk for at du viser den fram på bloggen din! ♥ God adventstid til deg.

Elisabeth Solum sa...

Veldig søt kalender! :) Takk for tipset!
Ha en fortsatt koselig kveld!
Klem Lisa

Blåbærlina sa...

For en skjønn liten englekalender!
Koselig med slikt, tror jeg må inn dit og printe.....
Ha ei fin adventstid!
Nina ;o)

Billa Blå sa...

Denne var så søt at eg tok og printa den med ein gong, men eg trur eg skal forstørre den, for den eg printa ut vart så liten at splittbindersen vart altfor stor. Ein veldig god ide til juleverkstad (i seinaste laget, men la gå!) med klassen. Takk-takk!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...