Det er tid for eit nytt lotteri i Det blå huset.
Eg håper at mange av mine lesarar har lyst til å vere med.
Blogginga hadde jo ikkje vore den same utan dåke... eg set
stor pris på at dåke tek turen innom meg.
Hyggeleg at så mange har meldt seg som faste lesarar også.
Tusen takk til alle som legg igjen nokre ord - det er alltid kjekt.
:-)
Vi har hatt ein nydeleg dag her på Vestlandet i dag.
Humøret er på topp, og det er ein perfekt dag for å sette i gang lotteriet...
Du kan vinne eit skjerf/sjal (sydd av meg) eller ein pakke med hemmeleg innhald.
Det er også to trøstegevinstar: eit Kleenex-etui og ein liten pose i retrostoff.
Sjalet kan du lese meir om her, og sjå fleire bilder.
Likar du overraskelsar, er kanskje dette noko for deg!?
Nokre smågevinstar høyrer med:)
Reglane er slik:
♥ Skriv ein kommentar om kva du vil vinne; sjal eller hemmeleg pakke
♥ Skriv også gjerne kva for trøstegevinst du kan tenke deg
Har du ikkje eigen blogg, må du legge igjen mailadressa di.
Trekning blir søndag om ei veke, 11. november kl 21.00.
Lykke til!
This is a Give away for my readers.
I do appreciate that you visit my blog, and comments are always welcome:)
You can win a homemade shawl or a surprise gift.
More photos of the shawl is to be seen here.
There are also two small extra gifts.
Join my Give away by writing a comment on what you'd like to win; the shawl or the surprise.
You can also write which of the extra gifts you'd prefer; the small retrobag or the Kleenex *thing*.
The Give away ends next Sunday, 11.11.12.
Good luck!