tirsdag 15. januar 2013

Er du ein "no-reply" bloggar?

(Gammalt bilde)


Eg har lenge tenkt å skrive eit lite innlegg om kommentering.
Det er utruleg kjekt å få nokre ord frå dåke som les bloggen min:)
Dersom ein som ikkje har eigen blogg lurer på 
noko, svarar eg inne på sjølve innlegget.
Når ein annan bloggar har eit spørsmål, svarar eg gjerne 
ved å skrive ein kommentar inne på denne sin blogg.
No kjem eg til det som gjer meg så frustrert.....
Eg får alle kommentarar sendt til e-posten min.

(Gå inn på Innstillinger, Mobil og e-post, skriv inn e-post 
adressa di i feltet "E-post adresse for varsling om 
kommentar", trykk på "Lagre innstillinger".)

Det er vel og bra, men her har eg også mulighet til enkelt å 
sende eit svar på kommentaren via e-post.
Og no kjem eg endeleg til poenget;)
Dei aller, aller fleste er "no-reply" bloggarar - det vil seie at eg ikkje 
kan svare, sidan e-post adressa ikkje kjem opp.

(Gå inn på profilen din, trykk på "Rediger profil, kryss av for 
"Vis e-postadressene mine", trykk på "Endre profil".)

Eg synest dette er den aller enklaste måten å gi ei tilbakemelding på kommentarar.
Det kan berre vere at eg vil sende ei lita helsing og takke for fine ord.
 Eg kjem ikkje til å svare på kvar enkelt kommentar inne på innlegga mine.
 Det vert litt tungvint når du som lesar må "abonnere via e-post" 
for kanskje å få eit svar frå meg, for då må du til å slette
ein heil del kommentarar frå andre folk på e-posten din!

Så dersom du synest det er hyggeleg med nokre ord tilbake frå meg, 
gå inn og gjer endringa på profilen din!
Håper dette var forståeleg, sjølv om eg slett 
ikkje er nokon ekspert på blogging;) 






This is a post about "no-reply" bloggers.
I am a bit frustrated, because I'm not able to answer 
everyone's comment from my e-mail....


 

20 kommentarer:

Mitt hverdagsliv sa...

Et fornuftig innlegg! Og absolutt lett å forstå.
Jeg har sjekket profilen min....
Ha en fin tirsdagskveld!

Billa Blå sa...

Hei! No måtte eg sjekke om ein kan svare meg på epost. Det kan ein heldigvis! Du er flink til svare på kommentarar på mail. Eg ser at nokon har ein svar-funksjon på kommentarfeltet sitt, men eg har ikkje funne ut korleis det virkar, eller korleis ein kan få det fram. Men foreløpig funkar epost-systemet godt!

Merete sa...

Jeg fik et svar fra dig den ene dag på mail, så jeg gik ind på dit indlæg for at se, om du havde svaret der eller om du havde skrevet direkte til mig. Det var så det sidste. Og det undrede mig lidt for det har jeg ikke prøvet på andre blogs.
Jeg kan godt se, at det kan være irriterende, at man får alle de mails om andres kommentarer men når jeg klikker af, at jeg gerne vil følge et indlæg, så er det jo netop fordi jeg gerne vil læse hvad andre mener om emnet og jeg vil også gerne læse hvad ejeren af bloggen mener. Så jeg synes egentlig, at det er lidt ærgerligt, at du ikke svarer på kommentarerne, så vi alle sammen kan læse med :-)

Randi sa...

Jeg har fått svar fra deg på Mail,og syns det er supert :) men hvordan gjør du det da tro? :)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Denne gongen skal eg svare alle her inne, og i tillegg svare via e-post der det går an:)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Glad du set pris på det:) Eg har jo ikkje fått noko tilbakemelding på kva folk synest om det, så det er greitt å vite. Det er lettare å vere litt meir personleg når ein svarer på den måten, synest eg:)

Unknown sa...

Hei. Jeg får dine kommentarer både på bloggen min og på Mail. Alltid like koselig med kommentar fra deg. D

Sonja frå Sunnfjord sa...

Gløymde å svare på spørsmålet ditt... når du får inn ein e-post med kommentar, svarar du på same måte som til alle andre e-postar. Dersom den som kommenterer ikkje har lagt til rette for å få svar via e-post, kjem det opp noreply-comment@blogger.com i Til-feltet.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Ja, eg har svart deg via mail, veit eg:)
Fin kveld til deg også!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Ja, eg har jo svart deg via mail nokre gongar, så det så;)
Det med svarfunksjonen, har kanskje samanheng med innstillingane dine for Innlegg og kommentarar, Kommentarplassering!? Eg har kommentarane Innebygd under innlegget, og der er iallfall denne funksjonen med. Men for at den som kommenterer skal få svaret du gir, må denne ha trykt på Abonner via e-post. Du har Forgrunnsvindu, og der kan jo folk krysse av for å få tilsendt oppfølgingskommentarar.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Er det virkelig første gang du har fått svar på denne måten!? Jaja, en gang måtte jo bli den første;)
Jeg skjønner hva du mener angående det å svare på kommentarer inne på selve innlegget:) I enkelte tilfeller kan nok det være det rette, slik som i dag her hos meg. Når det er en diskusjon om et eller annet som interesser meg, klikker jeg også på knappen for å få med meg andres kommentarer. Etter hvert har jeg en viss oversikt over hvem som svarer på mine kommentarer på denne måten, slik at jeg alltid klikker på knappen inne hos dem. Ellers så vet jo jeg ikke om de som kommenterer klikker av inne hos meg, så da leser de gjerne aldri det jeg skriver likevel..... Synest også det er lettere å svare litt mer personlig på min måte:)

Sonja frå Sunnfjord sa...

Hei Drude!
Du legg flittig igjen kommentarar på innlegga mine, og det gledar meg mykje:) Men eg kan dessverre ikkje svare deg via e-post:(

KariL sa...

Veldig bra at du tar opp dette. Det er mange eg gjerne skulle svart personlig pr. mail, men når dei er noreplay-blogger, så lar eg det være. Abbonerer aldri på kommentarer på andre blogger, men tar gjerne turen innom igjen. Kjekt med litt personlig kontakt med andre bloggere.

Ha ein fortsatt god kveld!

Shy sa...

Hei! Dette med svarfunksjon skjønar eg ikkje noko av, men har endra innstillinger slik du beskriv.
Ser at mange bloggar har eit svarfelt under kommenteringsfeltet. Det får eg ikkje til. (Har laga ein ny blogg, der kom den automatisk)

Shy sa...

Hey! No er svarfunksjonen på plass!! Takk for hjelp :-)

Billa Blå sa...

Takk for tips. Alt du veit! Eg må sette meg grundigare inn i dette. Det er jo veldig greit å kunne få med seg eit svar. Abonnering er tipset. Takk igjen!

Sonja frå Sunnfjord sa...

Det med svarfelt under kom.feltet er eg ikkje sikker på. Eg har mitt innebygd under innlegget, og der er iallfall denne funksjonen. Du har kommentarane på ei eiga side, så kanskje det er der forskjellen ligg?

Sonja frå Sunnfjord sa...

Ja, eg synest også det er fint å kunne svare via mail:) Kan skrive litt meir personleg der.
Eg abonnerer kun der eg veit at bloggaren brukar å svare alle, og der eg vil følge med på kommenteringa/diskusjonen.

Sonja frå Sunnfjord sa...

Du, eg har ikkje spesielt god greie på det bloggtekniske, men ein får no med seg eitt og anna etter nokre år her inne;)

Liv Aagot's Quilt Blog sa...

Hei Sonja, har forsøkt å følge tipsene dine :)
Hilsen Liv Aagot

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...