onsdag 10. april 2013

Pocketbok fuglar / Book page birds


No var det på tide å ta ned påskepynten frå greina.
Så då skal eg snart henge opp fuglane mine igjen.
Men først måtte eg lage to nye fuglar.

Eg har tatt utgangspunkt i denne diy'en.
Endeleg fekk eg bruk for ei av dei gratis pocketbøkene som har kome i posten,
og som eg garantert aldri kjem til å lese ei setning av;)



Sidan mine fuglar skal henge fritt, har eg laga dei med fire boksider.
Over ser du delane til ei side av fuglen.
Eg brukte ein mal eg hadde liggandes, og vengene er teikna på frihand.
Ta fire boksider, tegn av malen og klipp gjennom alle sidene.
Eg har brukt glitterlim langs kanten for å markere litt, 
ellers ville fuglane forsvinne mot den lyse veggen.



Krøll endane ved å rulle dei rundt ein blyant.
Lim to og to delar lett saman med limstift.
Fest vengane til kroppen med ein liten klatt lim frå limpistol.
Lim fast føtene til den eine halvdelen av fuglen.
 Deretter limer du dei to delane saman med nokre få limpunkt.
Vitsen er jo at ein skal sjå at det er fleire lag med papir.
Lim på ein tråd eller eit band mellom laga, og heng opp fuglen.

   



Dette er eit kjekt, lite prosjekt:)
Det som tek lengst tid, er nok å vente på at glitterlimen tørkar.

Håper du fekk lyst til å lage deg ein fugl, du også;)







I have made two birds of book pages.
The idea was found here, but I have used four pages 
to make birds with two sides showing.
I have used glitter glue to mark the edges of the cut outs.

Maybe you'd like to make your own little bird;)




14 kommentarer:

Bettina Holst - om kunst, indretning, kreative ideer o.ma. sa...

Hvor er de søde Sonja. Kan godt lide detaljen med de små gren ben :-)

Vintage Sheet Addict sa...

Lovely! :) x

Liv Aagot's Quilt Blog sa...

Så søte fugler, Sonja! God ide å bruke pocketbøker! Tips til kunst og håndverk på skolen dette :) Så fint med grener til bein. Ha en kreativ og fin uke!

Posttausa sa...

Fine fuglar! Det der var jammen smart:) Må prøvast!

elviras drops sa...

Så søte! kjekt å få brukt bøkene til noko:-)
Har vore litt fråverande her på Blogglandia i det siste, har prioritert å nyte fineværet og så har eg jobba mykje. Trur eg gløymde å svare deg på eit spørsmål om den boka eg hadde kjøpt, garn, garn garn! Absolutt verdt pengane, trur den kosta ca 115 kroner. Mange inspirerande prosjekt i glade fargar. Mest hekleprosjekt:-)

Elisabeth Solum sa...

Søte småfugler!
Ha en god dag! :)
Klem Lisa

Riitta Sinikka sa...

♥ oo, lovely! xxx Riitta ♥

AvMeg sa...

Veldig fine - det gjorde seg med flere ark :)

Annes Muscari sa...

De ble riktig så flotte! Det gjorde seg med flere lag og glitterlim :) Takk for tips.

BrittB sa...

Så søte fugler du har laget! Artige detaljer med glitter og bein! :-)

siri ore elle sa...

Kjempefine!!!
Klem Siri

Ingridstua sa...

Så morsomme fugler! :) Ble veldig inspirert!

Ha en fin kveld!

Klem fra Ingrid

Frøken Loppe sa...

Heisann!
Så søte!!!! Kjempe fine fugler!! Gir litt vårstemning med slike små pippiper... ;o)
Kjekt å få brukt gamle poketbøker til noko også!!

Eg er super klar for jentehelg denne helga, håper stemma som begynner å bli bedre, holder ut skravlinga mi... hi, hi...
Ønsker deg ei super fin helg!

klem

Lite hi sa...

Så herlige fugler! :) Virkelig kreativt! Dette fikk jeg lyst til å prøve. Så spørs det om vi finner ei bok som kan klippes i ;)

Klem

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...