Først av alt vil eg takke for den fine responsen på den hekla gardinkappa mi!
Utruleg kjekt dersom eg kan vere til inspirasjon for nokon:)))
Etter ein litt lat periode, sånn mosjonsmessig, har eg bestemt meg for å
røre på meg kvar einaste dag i ferien.
Det burde ikkje vere vanskeleg å få til, eller!?
Ein tur på fjellet, spinning, styrketrening, den lokale *rundturen*, hagearbeid...
Eg synest eg er komen godt i gang, og det merkast både
på humøret og lysta til å vere kreativ:)
Kanskje det fine vêret spelar inn her også, men det gjenstår å sjå no når regnet kjem.
I går gjekk eg den lokale runda, og på turen plukka eg
med meg ein liten bukett med blåklokker.
Finaste blå blomstrane!
I kveld blir det trekning av sommarlotteriet mitt, så du har enno
nokre timar på deg til å melde di interesse:)
God søndag til deg!
Yesterday I went for a walk.
I found some bluebells on my way.
Love them:)
3 kommentarer:
Hei Sonja:-) fargene i disse bildene er utrolig nydelige....åh, så inspirert jeg ble nå:-) skal straks igang foran symaskina, må bare rydde litt først! Heklegardina di er kjempefin! Ha en riktig fin søndag! Klem
Eg elskar blåklokker! Må visst ta meg ein tur å plukke.
Flink du som får trimma kvar dag!
Blåklokker er så nydelig, ja, markblomster
generelt. Det er noe av det vakreste som
finnes.
Legg inn en kommentar