onsdag 23. mai 2012

Ikkje så gale.....


..... at det ikkje er godt for noko!
For ei stund sidan opplevde eg å finne eit bilde frå bloggen min
 i ei brosjyre for ein landsdekkande kjede innanfor maling osv.
Eg vart jo mildt sagt overraska, for eg har aldri lånt ut noko bilde:(
Det viser seg at dei som har laga reklamematerialet har *lånt* bildet, 
så kjeden er jo for så vidt uskyldig. 
Bildet det er snakk om ser du under, og det er også brukt i 
dette innlegget på kjeden sin blogg.

Eg tok kontakt med kjeden via bloggen, for eg synest sjølvsagt at det
 er litt kjedeleg at mitt bilde er blitt brukt til reklame.
No har eg fått både unnskyldning og kompensasjon i form av eit gavekort.
Det får eg seie meg fornøgd med:)
Gavekortet skal forresten brukast på utandørs maling.
Kjedeleg, men nødvendig arbeid.

I ettertid synest eg det er litt morsomt at dei finn dette bildet så interessant;
det viser baksida av huset, og mosen gror godt på taket... 



Det blir lite tid og overskudd til blogging og kreative syslar for tida.
Eg er mest mulig ute og jobbar i hagen, og nyt det flotte vêret:)
Og i helga blir det barnedåp i Oslo.


Du får ha ei fin pinsehelg!


 

lørdag 19. mai 2012

Langøre og skilpadda i vimpelform




Eg veit å lage meg sjølv arbeid...
 Dette prosjektet tok nemleg mykje lengre tid enn eg hadde trudd på førehand.
Eg kunne sjølvsagt ha halde meg til Lille hottentott sin fine diy
men eg ville lage ein eigen vri på mi vimpelrekke.
Mine vimplar er 15 cm breie og 14 cm høge, altså ganske store.
Eg limte dei på kartong for at dei skulle bli litt kraftigare, 
sidan eg også skulle lage hull i dei for heklinga.
Hull 3 mm, nål 2,5 og tråden var Mandarin petit.
Og heklinga tok ein liten evighet, for eg ønska jo at kanten skulle vere fast og fin, hehe:)
Då er det fastmasker som gjeld, og 3 omgangar tek tid når vimpelen
 heile tida er i veien under heklinga...



 


Dette er ein fornøyeleg historie om Langøre og skilpadda som sprang om kapp.
Disneyboka kjem frå min barndom, og det var litt *vanskeleg* å klippe i den fine boka.
No blir dette i alle fall ein ekstra presang til dåpsbarnet i Oslo neste helg:)


Tusen takk for alle fine kommentarar dåke har lagt igjen hos meg i det siste!
Eg prøver å komme på gjenvisitt til alle som skriv nokre ord til meg.
Og velkommen til nye følgarar!
Eg håpar dåke finn litt inspirasjon her hos meg.


Sonja




I have made this as a gift for a baby boy.
The Disney-book is from my childhood, and I love this story:)
I found the inspiration to this gift at Lille hottentott.
Welcome to new followers! I hope you'll find some inspiration here:)




torsdag 17. mai 2012

♫ Det er Norge i rødt, kvitt og blått ♫




Gratulerer så mykje med dagen, Norge!
Håpar alle har hatt ein flott dag.
Her vart i alle fall vêret mykje betre enn prognosane; ikkje ein dråpe regn:)

Vi feira dagen med kake i nasjonalfargane.
Pavlova med vaniljekrem, enda meir krem  og bær.
Det er godt, det:)



Today we celebrate the constitution day of Norway.
The Pavlova cake with cream and berries is always a winner at the table:)




tirsdag 15. mai 2012

VÅR

 


Eg knipsa nokre bilder i hagen i ettermiddag.
Sjølv om regn, ruskevêr og kulde har herja, så sprett blomsterknoppane ufortrødent ut. 
 

 


Eg tok også fleire bilder av ein av dei største hagefiendane, nemleg løvetanna.
Og sidan eg ikkje kunne bestemme meg for kva bilde eg likte
 best av desse to, så tok eg med begge. 
Kva for eitt likte du best?

(Om du trykker på bildet kjem det fram på svart bakgrunn, og det vert lettare å sjå forskjellane.)



Ha ein riktig fin kveld!  



Some photos from my garden.
It is spring:)
The dandillion is not welcome in my garden, but very beautiful...






søndag 13. mai 2012

Ein begynnelse...




 Med ruskevêr ute er det kjekt å ha noko kreativt og halde på med inne.
Eg er i heklemodus for tida, så eg starta på eit nytt, lite prosjekt.
Fann så mange fine fargar i korga med bomullstråd, 
men klarte å begrense meg til ni av dei.
Begrensning er ein kunst...


Og når eg ikkje kan gå ute i hagen og nyte blomstringa,
 så får eg no ta ein del av hagen med meg inn.
Rhododendron er mellom mine favorittar,
 og naturleg nok har eg mange av dei.
Det blir nokre bukettar framover.

:-)



The weather is cold and wet.
I enjoy crocheting these days.
This is the beginning of a new, small something... 





 

lørdag 12. mai 2012

Blomstereng...

 
 
 
 
 


... på kjøkkenbordet.
Eg har hekla nokre blomstrar til svigerinna mi, sidan ho ikkje heklar sjølv.
Og som takk for alle ukeblad og interiørblad eg overtar frå ho.
Kjekt å kunne gi litt tilbake:-) 


Ha ei fin helg!




torsdag 10. mai 2012

Sovepose til *babyen*

 
 


I dag vart det visst ein strøm av bilder her, hehe:)
Eg har altså sydd ein sovepose til ei Babyborn-dokke.
Fekk så lyst til å sy ein slik etter å ha sett fleire slike her på Pinterest.
Eg har ikkje laga posen så avansert med putefyll og greier, men den 
var no avansert nok med tanke på skråbandet... 
Brukte bordvatt til mellomlag, og synest det vart ok.
 
 
 
 


Eg måtte låne dokka av ei nabojente for å finne ut mål og slikt, og så
 måtte eg sjølvsagt låne den på nytt til ein liten fotoshoot:)
Framsida av posen er i nye stoff og på baksida er det eit storblomstra retrostoff.
Eg sydde på skråbandet i to omgangar, og sikksakka andre sømmen.
Vart no ikkje så dumt det:)

I dag hadde vi eit opphold i regnvêret, og det vart ein nydeleg dag.
Eg har vore ute i hagen heile dagen, så no er det på tide med litt middagsmat:)


Ha ein fin kveld!



I have made a sleepingbag for a Babyborn doll.
It came out quite nice, I think:) 
Today was such a lovely day in the sun in my garden:) 



  
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...