mandag 22. november 2010

Skikkeleg retro


Her ein dag ringte ein mann frå bygda til meg.
Han hadde rydda i eit hus og lurte på om eg ville ha nokre dynetrekk.
Ryktet er begynt å gå om at eg er galen etter gammalt sengetøy, må vite:)
Jaja, eg fekk besøk rett etterpå, og vart veldig begeistra over det eg såg i posen.
Dette var skikkelege retrogreier!
Eg vart no alldeles boblande glad på ein ellers kjedeleg dag:)
 


Eg fekk det rosafarga stoffet også, og då kom eg plutseleg på at eg hadde ein liknande bit i andre fargar.
Det rosa er litt fastare i tøyet, men dessverre er det ein del kvite småflekkar i trykket.
Men pyttsann, eg har to heile trekk å klippe ut det beste av...

Ynskjer alle ei fin veke;-)


7 kommentarer:

Shy B sa...

Det var då kjekt! Av og til kan det vere greit med rykter ;)

SNILLPIKE♥ sa...

Litt greit med rykter av og til då, når det kjem noko positivt ut av det. Blir reine lappedronninga til slutt du. Ikkje godt å vete kor tid eg får tid å sy puter el tepper av mine dynetrekk. Har ein del bestilling på klær, og veldig kjekt det òg då.

Ynskje dåke 3 i Vårneset ei flotte veke, klem frå oss på Sunde♥♥

PS, kjempefint lappeteppe i innlegget under her. Rekne med da ikkje e min gut som skal få da.......

Nina sa...

Ahhhhhhhhh ;). Og når slike rykter har begynt å gå - så får de bein å gå på skjønner du ;). Er min erfaring ;).

Fargevandring sa...

Så heldig du er da:-)

RomantiskRetro sa...

Så heldig du er!
Jeg begynner også å få ett rykte på bygda her. Hehe, det er iallefall ett godt og nyttig rykte å ha.

Bloggen din er superfin og kreativ. Har kost meg med bilder og lesning.

Ha en fin kveld!
Klem fra An-Magritt

Ann Tove sa...

Hei, Sonja. Velkommen som følger i bloggen min.
Flott blogg du har, kjekt å følge med på bloggar frå nærleiken. Legg meg til som følger, eg.

SOLSAUM sa...

Heldige du! Slike rykter er no gode å ha.....;O)

Ha gode dagar!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...