torsdag 13. januar 2011

Januarlys

 Endeleg er eg på nettet igjen!
Telenor har vore ute både på nett og mobil her i området i nesten 2 dagar.
Plutseleg fekk eg så mykje tid til alt mulig anna... det er fælt så fort tida går når ein sit framfor pc`en og kosar seg...

Dette bildet tok eg ein kveld i skumringa tidlegare denne veka.
Eg syntes lyset var så flott på fjellet og på fjorden.
Bildet er tatt innover Dalsfjorden, og fjellet som er så fint opplyst i øst heiter Heileberget.


Det er på slike dagar eg ynskjer at eg hadde eit betre kamera.
Og så sjølvsagt når eg skal fange opp små detaljar.
Hadde no vore kjekt med ei ny symaskin også.
Eg har litt pengar liggande etter bursdag og jul, så kanskje eg skal spare dei til ein større ting.
Då vert problemet; til kva?
Det eine eller det andre?
Har eg meir bruk for det eine framfor det andre?
Jaja, får tenke litt på det:)

No skal eg ta meg ei runde innom dei nye innlegga, og kose meg med fine bilder og tekstar:)
Må forresten få takke for alle koselege kommentarar!

Ha ein fin kveld!


6 kommentarer:

kimberlee.blogg.no sa...

Som sagt du har blitt utfordret på bloggen min..:)

Shy B sa...

Hehe! Det gjer seg med nokre dagar utan nett, får gjort litt anna då :)
Det var slikt fint lys her også ein dag.Eg vart litt for sein til å ta bilde når det var på det finaste.

gult hus i svingen sa...

synes bildet ditt er fint jeg:) Lykke til med tenkinga på hva du skal investere i:)

Klemmer fra Trine:)

Fragmenter sa...

Fy flate, for et lekkert teppe du hadde lagd!! Herlig fargeeksplosjon:-) Du er flink! Og bildet var flott, fjellet ligger jo der og lyser som et Soria Moria.
Klem, Elin

Torunn sa...

Så sant, så sant, tida fyk når ein sit foran pc'en. ;) Nydeleg bilete!

Randi sa...

Hei!! Ja, du kjente vel igjen noen stoff i skjerfet? :) Moro med med nye impulser, og å lage nye kombinasjoner!! Flott bilde du har tatt! Kjøp deg symaskin, og ønsk deg kamera av gutta på bursdagen:) Ha ei fin helg Sonja!! Klem!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...