søndag 20. februar 2011

Isgalt til søndagsmiddagen

 

Eg var innom den lokale delikatessebutikken - ja, vi har slikt her i den vesle kommunen vår også - og spurte etter breiflabb.
Det hadde dei ikkje, men eg vart anbefalt å prøve isgalt.
Isgalt har eg vel knapt høyrt om før!
Den lever på djupt vatn, er kvit i kjøtet, har mild smak av skaldyr og er fast og fin i fisken.
Så og seie mykje likt breiflabben. 

 

Eg hadde filetbitane i mjølblanding (kveitemjøl, salt og kvit pepar) før eg steikte dei i godt smør.
Hadde oppi ein kartong matfløyte og skiva gulrøter.
Lot det stå og surre til fløyten tjukna, og tilsette reker (frosne og reinska) rett før servering.
Mange ville nok ha brukt løk, men vi er ikkje så glade i det her i huset.
Dette vart iallfall eit herremåltid i lag med poteter - nydeleg godt!!! 

 

Desserten kunne jo ikkje vere dårlegare, så det vart jordbær frå frysen.
Jordbær med skikkeleg fløyte på:)
Desse bæra kjem frå Valldalen på Sunnmøre, der dei har verdens beste jordbær.
Eg lagar sukkerlake, har dei frosne bæra oppi den varme laken og let dei stå medan vi et middagen.
Då er bæra faste og fine, og passeleg tinte når vi skal til på desserten:) 

Og har du ikkje fått vatn i munnen no, så skjønar eg ingenting... hihi!


 

9 kommentarer:

Shy B sa...

Guri Malla! Det såg godt ut! Hadde eg servert slikt her, snakkar altså ikkje om jordbæra, så hadde alle i familien rømt!!
Eg likar fisk, men ingen andre.

skjerstad sa...

Ja æ fekk faktisk mytti vattn i munn MMMMM :) Synn å sei de æ som e kåkk å bor ve sjøen, men æ har alder spist Isgalt. Men æ syns Breiflabb e rågått ! Jorbær å fløte e jo den bæste dessærn :)

Ha ei go uke som kjæm :)
Klæm fra Janne

Namaste (jeo74) sa...

Åhhh, det såg godt ut!
Nå blei eg sulten og fekk lyst på mat faktisk, så då e eg nok på bedringens vei :o)

Godt å hørra at det går rette veien med den litle og.
Og den svenske tapetbutikken ska sjekkast ut!
Takk for tips!

Bondekona sa...

Åh- det så godt ut!
Den fisken må jeg også prøve.
Kanskje allerede på tirsdag (tirsdag=fiskedag her i huset)Mmmmmmm...
:)

Fragmenter sa...

Å du hildrande du, for et herremåltid!! Elsker sjømat, og den gryta så helt yummi ut. Og jau, dei he verdas beste jordbær i Valldalen, ej veit:-)
Klem, Elin

Ann Tove sa...

Mmm, ser godt ut. Den fisken har eg aldri høyrt om.

3prinser sa...

mmm... det så godt ut ja :)

gult hus i svingen sa...

får vann i munnen så det renner:) Isgalt har jeg heller aldri smakt,men det må vel prøves hvis man får tak i det:) Smør og matfløte setter ekstra god smak på all mat:)
Jordbær og fløte mmmmmmm:) Men den beste jordbæra kommer fra Trøndelag vettu:) Gjerne Lensvika:)

klem fra Trine:)

Dagny sa...

Mmmm..det så deilig ut!! Må nok prøve dette ja :)
Ha en fin dag :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...