mandag 26. desember 2011

Endeleg heime igjen...

Å feire jul i utlandet gjekk over all forventning.
Ikkje noko å seie på det:)
På grunn av afrikanske vindar, var det litt varmare enn vanleg på denne tida av året på Tenerife.
Ikkje ein einaste regndråpe hadde vi, heller.
Heilt topp for oss vestlendingar! 

Vi tok ein halvdagstur til Spanias høgaste fjell Teide, 3718 moh.
Sjølv om vêret var strålandes, var vinden iskald.
Vi tok ikkje taubana opp mot toppen, men stoppa på 2350 moh.
Det var litt månelandskap rundt oss, ja!

Ellers kosa vi oss best vi kunne med soling og litt shopping:) 

I går var det tid for heimreise, og den starta veldig bra med avreise frå hotellet kl. 11:00.
MEN vi kom sjølvsagt midt opp i orkanen som rasa på Vestlandet.
Flyet var på veg inn for landing i Bergen, men måtte avbryte pga for sterk sidevind.
Vi flaug vidare til Gardermoen.

Der vart vi sittandes å vente i over 3 timar, før det vart bestemt at vi fekk overnatte på hotell.
Vi hadde kun tilgang til drikke og snop, for alt var nemleg stengt på flyplassen.
Så gjekk strømmen... vi vart sendt i retning tollen, men kom ikkje gjennom dørene.
Ny venting i nesten 1 time, før dei klarte å bryte opp ei dør.

I mellomtida hadde vinden tatt seg opp, og politiet hadde stengt av delar av området.
Bagasjen fekk vi ikkje med, for det var for farleg å åpne lastelukene i vinden.
Vi gjekk over til hotellet der vi skulle overnatte...

Der var det også strømløst, så det gjekk ikkje an å få sjekke inn folk.
Ny ventetid, og beskjed om at det kom bussar for å frakte oss inn til Oslo.
Vi som hadde barn fekk reise først av garde.
Først måtte vi berre vente enda litt, til det vart erklært å vere trygt og gå ned til bussen.

I byen venta Plaza... og trur du ikkje strømmen var borte der også då vi kom fram.
Så då vart det meir venting.
På toppen av alt hadde dei ikkje mat tilgjengeleg på hotellet.
No skal eg ikkje beklage meg altfor mykje, for eg hadde verken baby eller andre småungar.
Eg syntes verkeleg synd på dei familiane.
Klokka var 02:30 då vi kom på rommet vårt.

 
I dag tidleg fekk vi beskjed om å komme oss til flyplassen sjølv i løpet av litt over 2 timar.
Vi var ein gjeng som strena av garde mot flytoget.
Det ligg jo ikkje langt frå Plaza, men ingen av oss var akkurat lommekjent i hovudstaden.

Ved ankomst til Gardermoen var det først ingen som kjente til vår flight.
Nummeret var feil, og alt var berre rot... men vi vart no til slutt innsjekka.
I tollen fekk mange problem og måtte sette igjen drikkevarer, dette pga at plomberinga av posane vi fekk på flyet hadde vore for dårleg.
Veldig ergerlig for dei uheldige!

Litt etter 11:30 letta flyet, og ein god time seinare landa vi trygt på Flesland.
Det var litt turbulens i dag også, men på langt nær så mykje som i går.
Heldigvis hadde vi fått med bagasjen vår på flyet, og så var det berre å hente bilen på parkeringa og køyre dei 4 timane heim.
Siste ferja var sjølvsagt forsinka, men det tok vi ikkje så tungt... vi hadde jo fått god trening i å vente:)

No var flyet heim frå Tenerife berre halvfullt, og eg tør ikkje tenke på all trengselen og kaoset det hadde vore med over 200 passasjerarar å halde styr på for flyselskapet vårt......





 

6 kommentarer:

Bøllemamma sa...

Herlighet for en hjemtur! God dere kom dere velberga hjem til slutt :)

Lillepia vår var forresten kjempefin i Kardemommebykjolen på julaften.

Ha en fortsatt fin jul i det blå huset :)

Fragmenter sa...

Årre steike, det var turen sin, det! Vil tippe det var deilig å komme inn døra til eget hus. Forhåpentligvis var tak og alt på plass:-) Ser ellers ut som en herlig tur. Syns jul i varmere strøk høres forlokkende ut:-) Fortsatt god jul, Sonja!
Klem

Shy B sa...

Velkommen heim. Veret har laga litt trøbbel for oss no i jula, ja! Er glad eg ikkje var på reise desse dagane. Skal på jobb no. Får ikkje kontakt med folk på telefon og lurer på om det er straum på jobben....

Marianne sa...

Sikke en hjemtur! Godt at I nu er kommet helt hjem og at I har haft en god ferie:-)

SOLSAUM sa...

Det var litt av ei reise gitt!!

Så eg må berre seie velkommen heim att, det var vel godt å sove i eiga seng att! ;o) Det var godt at de har hatt ein god avslappande ferie i sol og varme før heimreisa....

Solklem

trinepine sa...

Huff så uheldige dere var da.
Ellers kan jeg godt si jeg kunne tenke meg å reise til syden i jula jeg og. Deilig å komme vekk å få koble av og kose seg.
Men kan vel ikke klage på temperaturene her i år da.
I går hadde vi 11 pluss...
Måtte det vare...
Ønsker deg og dine ei fortsatt koselig romjul!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...