lørdag 27. oktober 2012

Kreativ med barn

Bjørg med den fine bloggen Huset ved fjorden har ei utfordring 
gåandes, og eg vil gjerne dele nokre tips.
No er min snart-16-åring forlengst ferdig med slike kreative aktivitetar 
i lag med ho mor, men eg jobbar jo i ein barnehage.
Der får eg utløp for den barslege skapartrongen i lag med ungane:)
Vi har jobba med høsten som tema ei stund no, og desse tipsa har eg funne på Pinterest.
 
 
Bildet er lånt her. 

Først ut er dette fine treet med høstfargar.
No gjekk riktignok høsten brått over til vinter over store delar av landet, 
men høstfargane er no fine året rundt.
Vi brukte fingermaling til denne aktiviteten, men det vart like fint:) 

 
 Bildet er lånt her.
 
Neste ut er enda eit flott tre.
Finn fram gamle puslespelbrikker, eller kjøp eit billeg puslespel på loppemarknad.
Det kan vere lurt å bruke limpistol for å få festa brikkene skikkeleg.
 
 
 Dette bildet er lånt her.

Eg held fram med same temaet, og her er det igjen fingermalinga som står i sentrum.
Det er utruleg kva hendene kan brukast til:)
 
 
Dette er tre enkle maleaktivitetar, og eg håpar du fekk litt inspirasjon:)
Gå inn til Bjørg for å sjå fleire forslag til kreative krumspring med barna!


Ha ei god og kreativ helg!





A few autumn activities for the children.
Go to Bjørg and have a look at her challenge and her lovely blog:)





9 kommentarer:

Bjørg ✩ Huset ved Fjorden sa...

Kjempeflotte tips! Også passer dei jo perfekt til årstida, sjølv om det er kvitt her og idag..Dette skal absolutt testast ut!:)) Tusen takk for at du ville vere med:))
Fin helg til deg!
Klem:)

Venke Synnøve sa...

Så stilige. Eg og jobbe i barnehage(og har små ungar),og desse tipsa var gode! Likte spesielt q-tips-treet :)
Ha ei fin helg! :)

KariL sa...

Takk for tipsene. Eg har barnebarn og ein kan jo gå tom for idear av og til. No har eg jo fleire på lager :))
God helg!

MarJE sa...

Kjempeflotte kreative aktivitatar.....så fint!!!!
God Laurdags kveld.

AvMeg sa...

Såååå fine de var! Jeg elsker når barna har laga noe fint i barnehagen eller på skolen og kommer hjem med det. Supre tips som jeg vil prøve med mine, takk :)

skb sa...

Takk for tips. Det er alltid ei utfordring å kome på nye idear til ting som er kjekt å gjer med ungane.

BrittB sa...

Så fine og kreative bilder! :-)

Billa Blå sa...

Så fine og stemningsfulle bilete :) Lur idé. Kan jo lagast til alle dei ulike årstidene, men med forskjellige fargar.

Ingeborg sa...

Likte fingermalingtreet, jeg, selv om vi i likhet med hos deg, er ferdige med slike aktiviteter:)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...