søndag 18. august 2013

Vandring i urtehagen

I går starta junior på hybellivet.
Litt skummelt - iallfall for ho mor;)
Og med kallen vekke på jobb, er det uvanleg stille i huset.
Ein ny epoke er begynt, og det går nok mest truleg bra med oss alle:)

I dag tok eg turen til ein urtehage i anledning 'Åpne hager 2013'.
Det var litt mykje vind, men eg fekk no tatt nokre bilder.
Noterte meg ikkje alle namn, men den øverste er i alle fall blå agurkurt.
Den vakre blomsten er visstnok mykje brukt som pynt på kaker. 






Takk til alle som er innom bloggen min og les mine skriblerier,
og ekstra stor takk til deg som legg igjen ein kommentar:)
Bloggelysta går i bølger, og akkurat no har den vore nede i ein dal.
Den tek seg vel opp igjen når vi går mot mørkare tider...


Sonja





A new epoch has begun in my life; junior has moved out.
It's kind of scary for a mother, isn't it?
Good thing, he'll be home for most of the weekends.

Today I visited a herb garden.
It was a bit windy, but I got to take a few good pictures.

Thank you for visiting my blog:)
Blogging is not my greatest interest at the moment, but hopefully 
it'll be better when the dark season is here... 





7 kommentarer:

Shy sa...

Nye kvardagar for mange no i desse tider. Men det går seg nok til.
Her er det skikkeleg haustvér ute, voldsomme vindkast og regn. Det vart ikkje til at eg reiste på hagebesøk i dag. Stilige bilder du har tatt.

Unknown sa...

Smukke billeder

Posttausa sa...

Fine bilde og nydelege fargar!
Spennande med ny kvardag og rart når sistemann forlet reiret:)
Veldig uvant til å byrje med men faktisk godt også:)Og dei klarar seg langt betre enn me trur!
Her regnar og bles det voldsomt - fekk skikkeleg haustfølelse no!
Ha ei fin veke:)

Astri sa...

You have a bachelor button! Pretty flowers Sonja. I feel a bit the same as you...my job has been busy and the house needs attention and it's been hot, but all in all I still like the connection with folks like you in blog world. :-)

Misemor sa...

Hei på deg.
Tusen takk for hyggelig besøk på bloggen min for en tid siden, det blir litt lite tid til blogging for tiden, men nå er ferien i gang og jeg kan endelig få besøkt de som har lagt igjen en liten notis hos meg. Så det er godt å høre at det ikke bare er meg som har vært litt laber på dette området i sommer.
Jeg har også en liten Give-away på gang, så ta gjerne en titt innom.
Hilsen Tone

ElseT sa...

Eg fekk litt klump for bringa då eg las om at junior er flytta på hybel, det er så lett å setje seg inn i korleis det er i mange heimar no i desse dagar. No er det mange år sidan mine reiste ut, og det har gått bra med alle og med oss som er att heime.
Eg var på hagebesøk og sundag, blåsete og vått var det, men eg vart godt motteken og det varma.
Swissrullen som du presenterte på forrige blogginnlegg så forførande god ut!

Janne's Photography sa...

Fine bilder :-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...