lørdag 12. april 2014

God påske!



Det er visst ei stund sidan forrige innlegg, ja.
Hadde verkeleg ikkje tenkt å legge denne hobbyen på hylla heilt enno.
Men det har gjort godt med ein pause frå blogginga, 
og kanskje var det nettopp det eg trengte...

  


Og kva har eg gjort med all den ledige tida i det siste?
Jo, det har vorte mange fine fjellturar og anna kroppsutfoldelse.
Eg har til og med tatt opp igjen jogginga - må sikkert vere over 20 år sidan sist!
 Ellers har eg lese ein del bøker, og (nesten) berre 
gjort ting eg har hatt lyst til å gjere.

Fuglane 'Lovebirds' på bildet var eg så heldig å vinne inne hos Signe,
og dei passar veldig godt her hos meg:)


Ha ei riktig God Påske, alle saman!




4 kommentarer:

Alva sa...

Så kjekt at du er tilbake - har sakna deg;) Godt at alt er i orden i allefall:) Sikkert greit med ei pause innimellom....merkar at det er litt stillare i blogglandia enn tidlegare.
Her har det også vore litt fysisk utfoldelse siste tida med turar ut i naturen kvar dag etter jobb og til og med jogging her også:)
Kjenner det blir litt slik at ein MÅ ut når ein vert vand med det.
Difor har det også vorte mindre sying. Men no vart veret så gale at det fristar ikkje å gå ut.

Koslege fuglar du har vunne.
Ønsker deg ei fin helg og god påske!

BrittB sa...

Så flott at du er tilbake!! :-)
Det er nok fornuftig med en bloggpause når man føler for det, blogging skal jo være lystbetont og inspirerende!
Fine fugler du har vunnet, gratulerer!
Så sprek du er som jogger!! Jeg har nok lagt jogging på hylla for lenge siden, men trimturer til fots er godt for kropp og sjel! ♡
Riktig god påske til deg også!

Mayen sa...

Flotte fugler ;o) Slike fyrstikkesker lagde æ med elevene mine til jul de er bare lekre! God påske!!

Mine diller♥ sa...

Kjekt å sjå deg her igjen:))
Treng av og til en pause og bruke tida til litt andre ting.
Her skal vi lage påskeris i dag i lag med 2 mormor-gull som er på hyttebesøk ( ikkje lenger inni fjorden, men lenger ute med kysten ;))

Ønsker deg ei riktig god påske :)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...